Eutropia, fødd ukjend år, død etter år 325, kanskje i 350, var ei romersk keisarinne og keisarmor. Ho var gift med keisar Maximianus og mor til keisar Maxentius.
Eutropia var av syrisk opphav og blei gift med Maximianus før år 277. Ho fekk to barn med han, sonen Maxentius (ca. 276-312), som var keisar av Vestromarriket frå 306 til 312, dottera Fausta (ca. 290), som var gift med keisar Konstantin den store og mellom anna var mor til augustusane Konstantin II, Konstantius II og Konstans..
Eutropia blei nemnd i år 325, og hadde då kanskje konvertert til kristendomen. Dødsåret hennar er ikkje kjend, men ho kan ha vore ein av dei som blei drepne av Magnentius i Roma i 350.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Eutropia» frå , den 28. mars 2020.
Kategori:Døde på 300-talet Kategori:Romerske keisarinner Kategori:Einskildkvinner