Louis David Cennamo () er ein engelsk bassgitarist som har hatt ein lang karriere der han spelt for ei rekkje viktige, britiske rock-, blues- og progressive rockeband.https://www.discogs.com/artist/445542-Louis-Cennamo | Louis Cennamo on Discogs
Karriere 16 år gammal var Cennamo med å skipe blues/rockebandet Jimmy Powell and the Five Dimensions i 1964.https://www.discogs.com/artist/1282281-Jimmy-Powell-And-The-5-Dimensions | Jimmy Powell And The 5 Dimensions Cennamo forle bandet seint i 1965 for å bli bassist i The Herd. Han spelte berre inn ein singel med dei, «So Much In Love» (med «This Boy's Always Been True»), før han slutta og skipa Patto's People i lag med Tim Hinkley, Viv Prince og Mike Patto, som spelte inn og gav ut ein enkelt singel, «Shimmy Shimmy Ko Ko Bop» / «Jump Back», seint i 1966.http://www.oocities.org/sunsetstrip/diner/2674/lcenn_bio.htm.tmp
Seint i 1960-åra var Cennamo studiomusikar, og spelte mellom anna på debutplata til James Taylor i 1968 og Al Stewart sitt Zero She Flies.http://www.artistdirect.com/artist/credits/louis-cennamo/413338
I 1969 var Cennamo med å skipe progrockbandet Renaissance.http://www.richieunterberger.com/renaissance.html | formation of Renaissance Cennamo hadde ei viktig rolle med å arrangere dei klassisk-inspirerte songane deira.http://strawberrybricks.com/guide/releases/renaissance Han var med på to album med bandet, men eit hardt turneringsliv gjorde at han gav seg våren 1970.http://www.backgroundmagazine.nl/CDreviews/RenaissanceIdemIllusion.html Cennamo byrja så å spele med det britiske jazzrockbandet Colosseum, og spelte på albumet Daughter of Time (1970).http://www.allmusic.com/album/daughter-of-time-mw0000614532
Cennamo vart så rekruttert av det progressive/blues/rockebandet Steamhammer (1970–72). Bandet turnerte mykje i Europa og spelte inn det eksperimentelle Speech i 1971.http://www.allmusic.com/album/speech-mw0000468056
Etter Steamhammer gav seg i 1973, skipa Cenammo Armageddon (1974–75) med den amerikanske trommeslagaren Bobby Caldwell, Steamhammer-gitaristen Martin Pugh og «Speech»-produsenten (og tidlegare Renaissance-kollegaen) Keith Relf. Bandet var basert i California, men spelte inn debutalbumet, Armageddon på Olympic Studios i London.http://www.alexgitlin.com/npp/armauk.htm Det vart gjeve ut på A&M Records seint på våren 1975.http://www.elevenwarriors.com/forum/anything-else/2016/05/71063/armageddon-a-lost-classic-released-may-1975-timh Då Relf døydde av elektrisk støyt i mai 1976 var det slutten for bandet.http://ultimateclassicrock.com/yardbirds-keith-relf-death/
Attende i England skipa Cennamo så Illusion med andre tidlegare medlemmar i Renaissance, og var med bandet for to album (1977–1979).http://www.allmusic.com/artist/illusion-mn0000072592
Etter 1980
Cennamo byrja å bruke mindre tid på musikk etter 1979 og meir tid på si «andelege utvikling» (men gav ut ein avgrensa solokassett kalla Diamond Harbor i 1982).http://www.expose.org/index.php/articles/display/from-renaissance-to-illusion-a-profile-of-the-relf-mccarty-renaissance.html
Frå 1986 til 1995 var Cennamo involvert i eit deltids musikkprosjekt kalla Stairway (der Cennamo spelte gitar), med kollagaen frå Renaissance og Illusion, Jim McCarty. Det var eit hovudsakleg insturmentalprosjekt,http://www.cdbaby.com/cd/mccartycennamo og dei gav ut i alt fire plater.https://www.discogs.com/artist/1498380-Stairway-2
I 2001 gav fire medlemmar frå det originale Renaissance og Illusion ut albumet Through the Fire under namnet Renaissance Illusion.https://www.amazon.com/Through-Fire-Renaissance-Illusion/dp/B000063T2R
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Louis Cennamo» frå , den 8. april 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Folk frå Hornsey Kategori:Musikarar frå London Kategori:Engelske bassistar Kategori:Engelske rockebassistar Kategori:Engelske bluesgitaristar Kategori:Bluesrockmusikarar Kategori:Britiske rock and roll-musikarar Kategori:Steamhammer-medlemmar Kategori:Armageddon frå Storbritannia-medlemmar Kategori:Renaissance-medlemmar Kategori:Colosseum-medlemmar Kategori:The Herd frå Storbritannia-medlemmar