Phantasmagoria er det tredje studioalbumet til det engelske progressive rockebandet Curved Air, gjeve ut i 1972. Det nådde tjuandeplassen på den britiske albumlista og er kjend for ein av første gongane ein EMS Synthi 100-synthesizer vart nytta. Denne vart brukt på røysta til songaren Sonja Kristina på den andre sida. Albumet var utilgjengeleg i mange år, men kom ut på CD i april 2007.

Mottaking

Allmusic kalla Phantasmagoria «kulminasjonen av alt det Curved Air lova i løpet av føregangarane» og «den beste timen for bandet så langt». Meldinga trekte fram at alle spora var bra, og særskild blandinga av musikkstilar og ingen av dei var pretensiøse.

Innhald

Ein annan song vart spelt inn og gjeven ut på singel med «Phantasmagoria» som B-side: «Sarah's Concern» (Way, Linwood) - 3:20

Medverkande Curved Air Sonja Kristina – solovokal, akustisk gitar (2) Darryl Way – fiolin, klaverinstrument (1, 3), røyrbjøller (1), melon (1) Francis Monkman – klaverinstrument, elektrisk gitar, perkusjon (8, 9) Mike Wedgwood – bass, korvokal, akustisk (6) og elektrisk (9) gitar, perkusjon (9) Florian Pilkington-Miksa – trommer, perkusjon (9) Gjestemusikarar Annie Stewart – fløyte (2) Crispian Steele-Perkins – trompet Paul Cosh – trompet James Watson – trompet George Parnaby – trompet Chris Pyne – trombone Alan Gout – trombone David Purser – trombone Steve Saunders – trombone Frank Ricotti – xylofon, vibrafon Mal Linwood-Ross – perkusjon Colin Caldwell – perkusjon Jean Akers – perkusjon Doris the Cheetah — vokal (4) Teknisk Richard Rockwood - kunstnarisk leiar John Gorham - illustrasjon

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Phantasmagoria (Curved Air album)» frå , den 10. april 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Curved Air-album Kategori:Musikkalbum frå 1972 Kategori:Warner Bros. Records-album