Stuart Pearce () er ein britisk-engelsk tidlegare fotballspelar og -trenar frå Vest-London, aktiv spelar i tida frå 1978 til 2002. Han er særleg kjend for sine tolv år i Nottingham Forest, der han lenge var lagkaptein. Pearce var ein tøff og kontant forsvarsspelar, både back og midtstoppar. Han spelte 78 landskampar for England mellom 1987 og 1999.

Spelar Klubbspel Pearce byrja spele for Coventry City i 1983. I 1985 vart han overført til Nottingham Forest. Fram til 1997 spelte spelte han over 400 kampar og skåra 63 mål for klubben. I 1989 og 1990 var han med å vinne ligacupen for Nottingham Forest. Etter ein siste sesong som spelande trenar i Nottingham Forest, var han innom klubblag som Newcastle United, West Ham United og Manchester City.

Landslagsspel Pearce debuterte på det engelske landslaget mot Brasil i mai 1987. Fram til september 1999 spelte han i alt 78 kampar og skåra 5-fem landslagsmål. Under VM i fotball 1990 deltok han i dei seks fyrste Englands-kampane, men ikkje i bronsefinalen mot vertslandet Italia. Både under EM i fotball 1992 i Sverige og EM i fotball 1996 på heimebane var han fast høgreback på Englands lag. Han var kaptein i 9 landskampar, mellom anna då England og Noreg spelte uavgjort på Wembley stadion i London den 14. oktober 1992. Kjetil Rekdal utlikna då til sluttresultatet 1-1 med eit fabelaktig langskot i det 77. minutt.

Merittar Vinnar av den engelske ligacupen: 1989 og 1990 med Nottingham Forest Finalist i FA-cupen: 1991 med Nottingham Forest og 1998 med Newcastle United Tredjeplass i den engelske ligaen: 1988, 1989 og 1995 med Nottingham Forest

Trenar Pearce har mellom anna vore lagsjef for Manchester City, England U-21 og Nottingham Forest.

Kjelder

eu-football Denne artikkelen bygger på «Stuart Pearce» frå , den 9. juli 2024.

Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Engelske fotballtrenarar Kategori:Coventry-spelarar Kategori:Nottingham Forest-spelarar Kategori:Newcastle-spelarar Kategori:West Ham-spelarar Kategori:Manchester City-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1990 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1992 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1996