Kirsten Moe Hansteen () var ein norsk kommunistisk politikar for NKP, og kvinnesaksforkjempar. Ho var den første kvinnelege statsråden i Noreg.
Bakgrunn Hansteen var fødd Kirsten Moe i Lyngen. Ho studerte filologi ved Universitetet i Oslo, der ho blei med i det radikale studentmiljøet. Ho gjekk inn i Mot Dag i 1927. I 1930, gifta ho seg med advokaten Viggo Hansteen, gjekk ho over til partiet hans, NKP.
Viggo Hansteen blei dømt til døden og skoten av den tyske okkupasjonsmakta i 1941, og Kirsten Hansteen blei åleinemor for tre barn. Under krigen redigerte ho likevel det illegale bladet Kvinnefronten, som ho heldt fram med til 1945. I samarbeid med Henriette Bie Lorentzen grunnla og utgav Hansteen tidsskriftet Kvinnen og tiden i 1945, og var utgjevar fram til 1955.
I 1945 vart Kirsten Hansteen konsultativ statsråd i samlingsregjeringa, den første kvinnelege statsråden i Noreg. Ho representerte Akershus på Stortinget frå 1945 til 1949. I tillegg til kvinnesaker, var Hansteen etter den andre verdskrigen ein pådrivar for fredsarbeid. Ho var medlem av styret i Verdensfredsrådet, og deltok på ei rekke fredskonferansar og skreiv artiklar mot atomvåpenopprusting.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:NKP-statsrådar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Gerhardsen I Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Stortingsrepresentantar frå NKP Kategori:Stortingsrepresentantar for Akershus Kategori:Kvinner i norsk historie Kategori:Fredsforkjemparar Kategori:Norske kvinnesaksfolk Kategori:Norske motstandsfolk Kategori:Gravlagde på Vår Frelsers gravlund Kategori:Folk frå Lyngen