Jan Mølby () er ein dansk tidlegare fotballspelar og trenar. Han spelte mesteparten av karrieren sin for Liverpool. Han fekk òg 33 landskampar for Danmark i løpet av karrieren.

Klubbspel Mølby byrja klubbkarrieren sin på lokalklubben Kolding FK i 1981 og i ein alder av 19 år var han kaptein for klubben. Mølby gjekk til Liverpool i 1984 etter at pr. år i Ajax. Under tida si i Liverpool laga han 62 mål, derav 42 på straffe, han har ein gong gjort eit hattrick på straffe mot Coventry City. Under tida si i Liverpool bomma han berre på tre straffar. Totalt skåra han på 42 av 45 straffar. For det danske landslaget gjorde han debut som 18-åring i 1982 saman med Michael Laudrup. Han la opp som fotballspelar etter å ha vore på lån i Barnsley og Norwich City. På slutten av karrieren sin i 1996 byrja han som spelande trenar for Swansea City, men han fekk sparken i 1997. Han trente òg Kidderminster Harriers og Hull City, men han slutta som trenar i 2004.

Merittar Engelsk seriemeister: med Liverpool i 1986, 1988 og 1990 Engelsk cupmeister: med Liverpool i 1986, 1989 og 1992 Nederlandsk seriemeister: 1982 med Ajax Nederlandsk cupmeister: 1983 med Ajax 33 landskampar for Danmark Deltakar i EM i 1984 og VM i 1986: Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jan Mølby frå den 17. april 2020. National-Football-Teams

Kategori:Danske fotballspelarar Kategori:Liverpool-spelarar Kategori:Ajax-spelarar Kategori:Swansea-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1984 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1986