Faustino Hernán «Tino» Asprilla Hinestroza () er ein colombiansk pensjonert fotballspelar. Han er mest kjend for å ha spelt for italienske Parma og engelske Newcastle United. Blant Newcastle-fansen vart han ein kulthelt då han skåra eit hat-trick i meisterligakampen mot Barcelona då Newcastle vann 3-2.

Karrieren byrja i heimlandet i 1988 i klubben Cúcuta Deportivo. Allereie når han fylde 18 år gjekk «Tino» vidare til Atlético Nacional der skåra han 78 mål på 36 kampar. Dette vekte interesse til fleire italienske fotballklubbar, inkludert Parma som han signerte for i 1992 for ein kjøpesum av 10,9 millionar US-dollar. I 1996 vart Asprilla kjøpt av Newcastle United for 6,7 millionar pund. Frå 1999 spelte Asprilla for Palmeiras.

Merittar Vinnar av Cupvinnarcupen: 1993 med Parma Vinnar av UEFA-cupen: 1995 og 1999 med Parma Kolombiansk seriemeister: 1991 med Atlético Nacional Finalist i Copa Libertadores: 2000 med Palmeiras

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Faustino Asprilla» frå , den 19. april 2020. National-football-teams

Kategori:Colombianske fotballspelarar Kategori:Parma-spelarar Kategori:Newcastle-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1994 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1998