Javier Aldemar Zanetti () er ein argentinsk tidlegare fotballspelar som no er visepresident for Inter Milan.
Zanetti var høgreback og spelte på Inter frå 1995 til 2014. Han spelte sin 700. kamp i meisterligafinalen 2010, ein kamp Inter vann med 2-0 over Bayern München. Han var kaptein både på Inter og det argentinske landslaget.
I Argentina er Zanetti kjend under kallenamnet Pupi, i Italia vart han kalla Il Trattore ('traktoren'). Namna kom av di han kunne springe heile vegen frå backposisjon til angrepsposisjon.
Zanetti deltok i verdsmeisterskapane 1998 og 2002. Med Inter vann han Meisterligaen 2010, UEFA-cupen 1998 og to gonger Coppa Italia, dessutan fem Serie A-meisterskap.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Javier Zanetti» frå , den 20. april 2020. National-football-teams
Kategori:Argentinske fotballspelarar Kategori:Inter-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1998 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2002