mini|Nederlandsk krydderkake. mini|Krydderkaka Yorkshire-parkin.

Krydderkake er ei kake laga med visse krydder, som kanel, kardemomme, muskat, nellik, pepar, allehande og ingefær.

Dette er ei tradisjonell kake der ein ofte bruker natron og eventuelt kulturmjølk eller liknande i røra. Andre oppskrifter bruker bakepulver. Vanlege søtemiddel er honning, sirup eller mørkt sukker.

Krydderkaker blir brukt ein del som julebakst. Peparkake er døme på ei småkake laga med ulike krydder ein ofte lagar til jul.

Variantar Ulike krydderkaker kan ha namn etter det viktigaste krydderet ein bruker i dei, som kanelkake eller kardemommekake.

Kanelkake er ei krydderkake med særskild preg av kanel. Svenske kanelkakor kan vera småkaker i fingertjukke lengder skorne i snittar og strødd med strøsukker og kanel.

Kardemommekake er ei krydderkake med vekt på kardemomme. Svenske kardemummalöv kan vera småkaker laga av mørdeig, kjevla og pressa ut med former og pynta med kardemomme og perlesukker.

Maple spice cake er ei amerikansk krydderkake som bruker lønnesirup i røra. Denne kaka var ein spesialitet frå New Hampshire frå byrjinga av 1800-talet. Kaka kan smaka som kanel eller eplesider, og er ein typisk haustrett.

Mjuk pepparkaka er ei svensk krydderkake med smak som peparkake.

Parkin er ei kake frå Nord-England - Yorkshire og Lancashire - med ingefær, sirup og havregryn i røra. Kaka er særleg knytt til bonfire night 5. november.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kake