Øvre-Ål Toneakademi er det sjette studioalbumet til Stein Torleif Bjella, utgjeve i 2020. Låta Mitt namn er Stein vart sleppt som singel den 20. mars før albumet kom den 24. april.Sagbakken, Veronica. (20. mars 2020). Stein Torleif Bjella slipper ny singel. På Disharmoni.Wilhelmsen, Ole Morten. (21. mars 2020). Stein hugger sin poesi ut i stein. På The Wilhelmsens. Henta den 25. april 2020.
Etter å ha brukt Bård Ingebrigtsen som produsent på dei to førre albuma har Bjella for dette albumet gått attende til Kjartan Kristiansen, som også produserte dei tre fyrste albuma hans. I tillegg til Bjella på song og gitar, spelar Geir Sundstøl (shankargitar, cümbüs, dobro, xylofon, klokkespel med meir), Kenneth Kapstad (trommer), og Eirik Øien (bass) på plata. Mari Persen har arrangert stryk og horn.
Albumet fekk god omtale i mellom andre Dagbladet og på NRK då det vart gjeve ut.
Sporliste Sundre city (5:23) Ekkel fisk (4:24) Mitt namn er Stein (2:58) Følsom person blues (4:36) Fødd på eit fjell (2:52) Min kjære og ven (4:32) Frisøren i sentrum (4:15) E likte deg (3:57) Fiskesangen (4:05) Fortapt spelemann (4:43) Alle songane er skrivne av Bjella utanom Fødd på eit fjell som er skriven av Ole Paus.Om – Stein Torleif Bjella på steintorleifbjella.no. Arkivert frå originalen den 25. april 2020. Henta den 25. april 2020.
Kjelder
Kategori:Musikkalbum frå 2020 Kategori:Stein Torleif Bjella-album