Boris Aleksandrovitsj Majorov () er ein sovjet-russisk tidlegare ishockeyspelar og -trenar frå Moskva. Han var venstreveng på Sovjetunionen sitt landslag frå 1961 til -68. I denne perioden vann han VM-bronse i 1961 og deretter 1963-68 gull i samtlege verdsmeisterskap og olympiske leikar. Majorov deltok i 134 landskampar i tida 1960-69 og skåra 63 mål.
Majorov spelte i alle år på Spartak Moskva. Saman med Vjatsjeslav Starsjinov og sin eigen bror, Jevgenij Majorov, bidrog han sterkt til at Spartak vart sovjet-meister både i 1962, 1967 og 1969. Etter han la opp i 1969 hadde Boris Majorov suksess som sjefstrenar for Spartak Moskva, førte laget til to nasjonale meistertitalar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Boris Alexandrowitsch Majorow» frå , den 26. april 2020.
Kategori:Sovjetiske ishockeyspelarar Kategori:Russiske ishockeyspelarar Kategori:Olympiske medaljevinnarar i ishockey Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1964 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1964 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1968 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1968 Kategori:Folk frå Moskva