Vivian Vance (), opphavleg Vivian Roberta Jones var ein amerikansk skodespelar og songar. Ho var best kjend for rolla som Ethel Mertz i den amerikanske sitcomserien I Love Lucy, og som Vivian Bagley i sitcommen The Lucy Show, men byrja som teaterskodespelar.
Bakgrunn Vance var fødd i Cherryvale i Kansas som det andre av dei seks barna til Robert Andrew, Sr. og Euphemia Mae (Ragan) Jones. Då ho var seks år gammal flytta familien til Independence i Kansas, der ho etterkvart byrja læra drama ved Independence High School med dramalæraren Anna Ingleman. Elsken hennar for skodespel kom i konflikt med det strenge religiøse livssynet til mora. Den unge «Viv» gjorde opprør og drog etterkvart til Albuquerque i New Mexico der ho bytta etternamn til Vance og såg etter arbeid som skodespelar. Vance opptredde i den første førestillinga si nokonsinne ved Albuquerque Little Theatre i 1930. Ho spelte i fleire stykke der, som This Thing Called Love og The Cradle Song. Det lokale teatersamfunnet hjelpte henne med å betala for å dra til New York for å studera under Eva Le Gallienne.
Karriere Broadway Frå 1932 var Vance med i ei rekkje førestillingar på Broadway, vanlegvis som medlem av koret. Etterkvart fekk ho også biroller etter at ho hadde vore understudy for Ethel Merman i rolla som Reno Sweeney i Anything Goes."Before she was Ethel Mertz", Playbill.com. Vitja 7. juni 2024. Ho etterfølgde Kay Thompson i musikalen Hooray for What! (1937).
Den mest suksessrike scenerolla hennar var som Nancy Collister i Cole Porter-musikalen Let's Face It! (1941), der ho spelte med Danny Kaye og Eve Arden i over 500 førestillingar.
Film Etter å ha spelt i The Cradle Will Rock i 1947 bestemte Vance seg for å flytta til California for å søka etter andre teaterprosjekt og filmroller. Medan ho budde i Los Angeles var Vance med i to filmar: Som Leah i The Secret Fury (1950) og som Alicia i The Blue Veil (1951). Ho fekk positiv merksemd for tolkingane sine, men filmane bidrog ikkje til å ta filmkarrieren hennar vidare. Etter tre sesongar i The Lucy Show på fjernsyn blei Vance med i ein film av Blake Edwards, The Great Race. Filmen blei nominert til fleire oscarprisar.
Fjernsyn 1951–1958: I Love Lucy mini|Skodespelarane i I Love Lucy: William Frawley, Desi Arnaz, Vivian Vance og Lucille Ball. Då Desi Arnaz og Lucille Ball såg etter skodespelarar i den nye fjernsyns-sitcommen I Love Lucy i 1951 føreslo regissøren Marc Daniels Vance i rolla som huseigaren Ethel Mertz, etter å ha arbeidd med henne i teater. Lucille Ball hadde ønska seg anten Bea Benaderet eller Barbara Pepper, som begge var nære vener, til rolla. CBS nekta å bruka Pepper med grunngjevinga at ho sleit med alkoholisme, medan Benaderet allereie spelte Blanche Morton i The George Burns and Gracie Allen Show.
Til slutt fekk 42 år gamle Vance rolla som Merts. Programmet blei først send 15. oktober 1951 på CBS. Vance sin rollefigur Ethel Mertz var eigaren av ein leilegheit i New York på East 68th Street saman med ektemannen Fred. Fred Mertz blei spelt William Frawley, som i røynda var 22 år eldre enn henne. Sjølv om dei spelte særs godt saman, hadde ikkje paret like god kjemi utanfor innspelingsrammene. Vance skal særleg ha mislikt den grinebitarske oppførselen til Frawley.
I 1953 blei Vance æra for arbeidet sitt som den første skodespelaren til å vinna ein emmypris for «Outstanding Supporting Actress». Ho blei nominert tre gonger til (i 1954, 1956 og 1957) før serien var over.
I 1957, etter at I Love Lucy hadde endt, fortsette Vance å spela Ethel Mertz i ei rad spesialsendingar kalla The Lucille Ball-Desi Arnaz Show (seinare omdøypr til The Lucy-Desi Comedy Hour). Desse var ein time lange, medan I Love Lucy-episodar hadde vart i ein halvtime. Då I Love Lucy blei omforma til timeslange Lucy-Desi-sendingar i 1957, gav Desi Arnaz Vance og Frawley eit tilbod om å spela i sitt eige Fred and Ethel spin-off-show. Medan Frawley var svært interessert, avslo Vance, både fordi ho ikkje kom så godt overeins med Frawley og fordi ho ikkje trudde paret Mertz kom til å slå så godt an utan paret Ricardo. I staden var Vance interessert i å laga ein serie basert på livet til Babs Hooten, ei sosietetskvinne frå New York som flytta til New Mexico for å driva eit ranch-hotell. Desi Arnaz finansierte ei pilotinnspeling med Vance som Hooten kalla Guestward, Ho!, som blei spelt inn i 1958 av Desilu. CBS var ikkje interessert i serien, og Vance fortsette å spela Ethel Mertz. Arnaz omforma seinare serien med modellen og skodespelaren Joanne Dru i hovudrolla, og selde han til ABC der han berre fekk ein sesong.
1962–1977: The Lucy Show og seinare mini|Skodespelarane i The Lucy Show i dei første tre sesongane: Candy Moore (bak); framme frå venstre til høgre: Jimmy Garrett, Lucille Ball, Vivian Vance og Ralph Hart (1962)
I 1962 planla Lucille Ball å venda attende til fjernsynet med ein ny serie, The Lucy Show. I serien spelte ho Lucy Carmichael, ei enkje med to barn som bur i Danfield i New York. Vance gjekk motvillig med på å spela i serien, men insisterte på å ha flottare klede enn tidlegare og på at rollefiguren hennar skulle heita Vivian. På denne tida var Vance blitt lei av å stadig bli kalla «Ethel» av publikum.
Vance spelte i The Lucy Show frå 1962 til 1965, i rolla som Vivian Bagley, ei fråskild kvinne med ein son som delte hus med figuren til Ball. Figuren var den første fråskilde kvinna til å opptre ei ein vekeviss amerikanske fjernsynsserie.
Seinare opptredde Vance frå tid til annan med Ball på reunion-shows og i fleire gjesteroller i den tredje sitcommen til Ball, Here's Lucy (1968–1974). Rundt denne tida fekk ho ein avtale med Maxwell House Coffee, som ho opptredde for i reklamar i dei neste åra. Vance hadde fleire gjesteroller på TV på 1970-talet, mellom anna ein velkjend episode av Rhoda i 1975, og spelte i fleire TV-filmar som The Front Page (1970), Getting Away From it All (1972) og The Great Houdini (1976). Ho og Ball opptredde saman for siste gong i 1977 i ei spesialsending på CBS, Lucy Calls the President.
Privatliv og ettermæle
Vance var gift fire gonger. I 1959 skilde ho seg frå den tredje ektemannen sin Philip Ober, etter 18 års ekteskap. Han skulle ha drive med fysisk misbruk av henne.
16. januar 1961 gifta ho seg med John Dodds (1922–1986), ein litterær agent og forleggjar. Dei slo seg ned i Stamford i Connecticut, og flytta til California i 1974. Ekteskapet varte til Vance døydde.
I 1973 fekk Vance diagnosen brystkreft. Same året som ho hadde si siste fjernsynsrolle, i Lucy Calls the President i 1977, hadde ho eit slag som gjorde henne delvis lamma. Ho døydde 17. august 1979, 70 år gammal, av framskriden brystkreft.
Etter at ho døydde donerte familien Emmy-prisen til Vance til Albuquerque Little Theatre, der ho hadde debutert. I eit intervju i 1986 snakka Lucille Ball om å sjå Vance att i gamle episodar av I Love Lucy:
I 1991 blei Vance posthumt heidra for bidraget sitt til fjernsyn med ei stjerne på Hollywood Walk of Fame ved 7030 Hollywood Boulevard.
Vance er minna i Lucille Ball–Desi Arnaz Center i Jamestown i New York. Vance og Frawley blei tekne inn i Television Academy Hall of Fame i mars 2012.
Vance var gudmor for John Sebastian, gitaristen i Lovin' Spoonful, fordi ho var nær ven av mor hans. Vance sjølv hadde ingen barn.
Roller
Filmar År Tittel Rolle Merknadar 1926 The Patent Leather Pug 1933 Take a Chance Dancehall Girl 1945 Eadie Was a Lady Lady On The Stairs 1950 The Secret Fury Leah 1951 The Blue Veil Alicia Torgersen 1953 I Love Lucy Ethel Mertz Ikkje gjeven ut 1965 The Great Race Hester Goodbody
Fjernsyn
År Tittel Rolle Merknadar 1951–1957 I Love Lucy Ethel Mertz 179 episodar 1954 Texaco Star Theatre Ethel Mertz Episode - "Episode #6.23" 1955 Shower of Stars Mrs. Mullins Episode - "High Pitch" 1957–1960 The Lucy–Desi Comedy Hour Ethel Mertz 13 episodar 1959 The Deputy Emma Gant Episode - "Land Greed" 1960 Guestward, Ho! Babs Episode - "The Hootens Buy a Ranch" 1960–1964 The Red Skelton Show Clara Appleby 5 episodes 1962–1968 The Lucy Show Vivian Bagley 81 episodes 1967 Off to See the Wizard Sarah's Mother Episode - "Rhino" 1968–1972 Here's Lucy Vivian Jones 6 episodes 1969 Love, American Style Madame Zimia Zygmundt Segment: "Love and the Medium" 1970 The Front Page Mrs. Grant Fjernsynsfilm 1972 Getting Away from It All Mary Brodey Fjernsynsfilm 1972 The Lorax Songar 1975 Rhoda Maggie Cummings Episode - "Friends and Mothers" 1976 The Great Houdini Minnie (Nurse) Fjernsynsfilm 1977 Lucy Calls the President Viv 1978 Sam Episode - "Episode #1.6" (siste opptreden)
Teater
Music in the Air (1932) Anything Goes (1934) Red, Hot and Blue (1936) Hooray for What! (1937) Kiss the Boys Goodbye (1939) Skylark (1939) Out From Under (1940) Let's Face It! (1941) The Voice of the Turtle (1945) It Takes Two (1947) The Cradle Will Rock (1947) Springtime for Henry (1948) Here Today (1960) Over 21 (1965) Don't Drink the Water (1966) The Time of the Cuckoo (1966) Everybody's Girl (1967) Barefoot in the Park (1968) My Daughter, Your Son (1969) The Marriage-Go-Round (1971) Butterflies Are Free (1973) Arsenic and Old Lace (1973) Light Up the Sky (1973) Everybody Loves Opal (1974) Harvey (1977)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Vivian Vance» frå , den 28. april 2020.
Bakgrunnsstoff
Litteratur Castelluccio, Frank and Walker, Alvin. The Other Side of Ethel Mertz: The Life Story of Vivian Vance. New York: Berkley Books, 2000. Edelman, Rob and Kupferberg, Audrey. Meet the Mertzes: The Life Stories of I Love Lucy's Other Couple. Los Angeles, Calif.: Renaissance Books, 1999.
Kategori:USA-amerikanske skodespelarar Kategori:Folk frå Kansas Kategori:Utvalde artiklar 2026