Jan Heintze, til 1981 Jan Larsen, () er ein dansk tidlegare fotballspelar. Han er kjend for sine mange år i PSV Eindhoven, der han spelte i to periodar; 1982-94 og 1999-2003. Heintze deltok i tida 1987-2002 i 86 landskampar for Danmark og skåra 4 mål. Triumfen med PSV i Europacupfinalen 1988 var høgdepunktet i hans fotballiv.

Heintze var veng på Kastraup BK i 1981-82. Deretter hadde han kontrakt med nederlandske PSV Eindhoven i 12 år fram til 1994, der han var sideback for den suksessrike klubben. Etter mellomspel med to sesongar i Bayer Ürdingen og tre i Bayer Leverkusen, kom han tilbake til PSV i 1999 og tente klubben i fire år. Heintze vart nederlanadsk seriemeister seks gongar med PSV.

Heintze var dansk landslagsspelar frå 1987 til 1991. Då han i protest reiste heim før ein landskamp i 1991, vart han sett i karantene i eitt år og lite brukt dei neste åra. Dermed mista han den danske EM-triumfen i 1992. Fyrst frå 1996 fekk han fast plass i den danske fyrsteellevaren, deltok såleis i EM 1988, VM 1998, EM 2000 og VM 2002.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jan Heintze» frå , den 1. mai 2020.

Kategori:Danske fotballspelarar Kategori:PSV-spelarar Kategori:Bayer Leverkusen-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1988 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1998 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2000 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2002