Jurij Aleksejevitsj Khmyljov () er ein sovjet-russisk tidlegare ishockeyspelar frå Moskva. Venstrevengen vart verdsmeister for Sovjetunionen i 1986, 1989 og olympisk meister i 1992.

Khmyljov spelte frå 1981 til 1992 på Krylja Sovetov. På 456 kampar skåra han 163 seriemål. Sommaren 1992 fekk han kontrakt med Buffalo Sabres og tente den klubben i National Hockey League fram til 1996. Han la ishockeyutstyret på hylla i 1999.

Khmyljov vann gullmedalje i VM 1986, sølv i VM 1987 og atter gull i VM 1989. Under dei olympiske vinterleikane 1992 toppa han karrieren med olympisk gullmedalje.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Yuri Khmylev» frå , den 2. mai 2020.

Kategori:Sovjetiske ishockeyspelarar Kategori:Russiske ishockeyspelarar Kategori:Olympiske medaljevinnarar i ishockey Kategori:Olympiske meistrar for SUS Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1992 Kategori:Deltakarar for SUS under vinter-OL 1992 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1992 Kategori:Folk frå Moskva