1500 (romartal MD) var eit skotår som byrja på ein onsdag i den julianske kalenderen.
Hendingar mini|Måleri av Slaget ved Hemmingstedt (1910) av Max Koch.
Utlandet 26. januar: Den spanske sjømannen Vicente Yáñez Pinzón gjekk i land i det som i dag er Brasil, men på grunn av Tordesillastraktaten kunne han ikkje gjera krav på landet for Spania. Februar: Kalmarunionen gjekk til åtak på Ditmarsken, ein fri bonderepublikk like sør for novarande Danmark. 17. februar: Slaget ved Hemmingstedt mellom styrkane til kong Hans av Danmark og folka i Ditmarsken, som sigra over unionshæren. 22. april: Den portugisiske sjømannen Pedro Alvares Cabral oppdaga offisielt Brasil og gjorde krav på landet for Portugal. 10. august: Diego Diaz oppdaga Madagaskar som første europear.
Noreg
Fødde
24. februar: Karl V av det tysk-romerske riket 23. april: Johannes Stumpf, sveitsisk forfattar 5. september: Maria av Jever, den siste herskaren av Jever 26. september: Ludovica Torelli, grevinne av Guastalla mini|Karl V av det tysk-romerske riket fødd 24. februar 1500. Måla av Christoph Amberger
Døde
ca. 29. mai: Bartolomeu Dias, portugisisk oppdagar (forlis) 21. oktober: Keisar Go-Tsuchimikado av Japan
Kjelder