Senjamål femner dei tradisjonelle nordnorske målføra i Troms, det vil seia frå Kvæfjord, Skånland og nordover til grensa med Finnmark, med atterhald av dei i Bardu og Målselv, som ættar frå austlandske dialektar, og dei på Finnmarksvidda. Dialektane er i dag sterkt påverka av bymålet i Tromsø, hovudstaden i området, og dermed bokmål. Likevel finn vi mange særdrag som syner tilbake til eit eldre språk, særleg på Senja. Det finst veldig fåe kjelder om målet før kring 1800.

Målmerke i høve til nasjonale målmerke Som andre nordnorske dialektar har senjamål:

Høgtone, det vil seia at målet har ein melodi som fell i tonelag 1. Palatalisering i trykksterke stoder, t.d. i mannj, ballj, faddjer. Bunde fleirtal av inkjekjønnsord har endinga -an, som i hankjønnsord: husan, eplan. Vokallågning: fesk, å spælle, å sønge. Obligatorisk han eller ho framføre person- og husdyrnamn (den preproprielle artikkelen): Han Lars, Ho Kari. Beintfram ordstilling i spørsmål: Ka du sei?, Kem du fekk det hos?Elstad, K. (1982). Nordnorske dialektar. Tove Bull & Kjellaug Jetne (eds.), Nordnorsk: Språkarv og språkforhold i Nord-Noreg, 11-100.

Derimot har ikkje målet so mykje apokope som dialektane sørover.

Senjamål i høve til andre nordnorske dialektar Som sagt tidlegare har ikkje dei tradisjonelle målføra so mykje apokope som dei i Nordland, men han trenger seg inn i sørBull, T. (1996). Målet i Troms og Finnmark. Nordnorske dialektar, 157-174..

Målet skil seg mellom dei i Sør- og Midt-Troms og hine når det gjeld e-/a-mål og e-mål. Dei sørlege er e-/a-mål, det vil seia at svake hokjønnsord får endinga -a i ubunden form (ei gryta, ei visa) men -e i infinitiv (å hoppe, å kaste). Dei nordlegare er e-mål, og alle desse ord får -e i utljod (ei gryte, ei vise, å hoppe, å kaste). Målet skil ikkje sterke og svake hokjønnsord, det vil seia at klokke og sol begge får -a i bunden form (klokka, sola). Eldre språk på Senja har spor av svarabhaktivokal i grunnform av adjektiva (ein fin'e båt, ein stærk'e kar). Dette finst ikkje iblant yngre språkbrukarar.

Særmerke

Pronomen Dialektane har mykje til felles, men pronomena skil seg ofte frå kvarandre. Fleire i aust har former nærare bokmålet, det vil seia noko som liknar jæi, du, hun, han, de, vi, dere, di/dem.

Ubunden artikkel er tradisjonelt en, og har truleg vore slik i veldig lenge. Ragnvald Iversen trur ordet var utan diftong alt frå innføring av talordet til ubunden artikkel i sein gammalnorsk tid.

+Pronomen i troms- og finnmarksmålEintalFleirtalnom.dat./akk.gen.nom.dat./akk.gen.1. perseg, e æg, æmeg, me mæg, mæmin, mi, mitt, mine min, mi, mett, mineviåssvårres2. persdudeg, de dæg, dædin, di, ditt, dine din, di, dett, dinedåkkerdåkkerdåkkers3. pershohohennesdi, dem, dæmdi, dem, dæmdæmmeshannjhannjhannesde, dæde, dæsin, si, sitt, sine sin, si, sett, sine

Særord Tradisjonelle ord har mykje sams med andre nordnorske dialektar. +DialektordNynorskKallj el. karMannKånna el. kjærringKvinneGluntGutVeikjaJenteSvangSvoltenMedkværtStundom, av og tilAld (ut. A:lj)Maktlaus av di ein ikkje har eteAmperHissigForfærdSvært overraskaOksedrygUforfærd, utholdandeForhuteligKritikkverdig, ubehageleg, avskyelegÅ ruddenereÅ ruinereEi bognBønneÅ fli om el. å vøle omÅ reparereFægDødsmerktÅ lygeÅ seie noko usant. Merk at ordet er ditransitivt, dvs. det treng indirekte objekt. "Lyg meg ikkje opp i auan!" GjessenUtettGressenSom har opningarEn resskattpeisLite høveleg (for liten) reiskapÅ lemneSette, legge noko igjenEi heiLågt fjellEn musgjeldarKniv som er uvand (for liten) i høve til brukenIdigFlittigÅ ri/rie åt el. i hopÅ stramme tilLang leiLang avstandEn sessNoko ein kan sitte påSnøggRaskUfysenUbehagelegEi attkippaEin stad der vatnet blir kasta tilbakeÅ bjelmeÅ drikke så fort/kraftig at munnen ikkje tar unna, og ein sølerArgsintIlsken, aggressiv

Verbbøying Verbbøying har mykje sams med nynorsk. Nokre få dialektar har spor av jamvekt. Dei fleste verb som på nynorsk har utljod i presens perfektum med -tt har -dd (gått > gådd). +Verbbøying på senjamålKlasserNynorskInfinitivNotidFortidPresens perfektumUregelrette verbå gjereå gjæregjærgjordehar gjortå veteå vetteveitvesstehar vesstå sjåå sjåsersåghar seddå leggjeå leggelegglahar lagtå liggjeå liggeligglå(g)har loggeå driveå drivedrivdreivhar drivdå leseå leselæslæstehar læstå skyteå skyteskytskøuthar skåddSterke verb Klasse 1å biteå bitebitbeithar betteå gripeå gripegripgreiphar greppeSterke verb Klasse 2å flygeå flygeflygfløughar fløggeSterke verb Klasse 3å finneå finnjefinnjfannjhar fonnje/funnjeå drikkeå drikkedrikkdrakkhar drokkeSterke verb Klasse 4å komeå kommekjæm (nyare: kåmmer)komhar kommeå bereå bærebærbarhar borreå drageå dragedrægdraghar drogge (eldre: har dri'e)Sterke verb Klasse 5å gjeå gjegjergahar gjeddSterke verb Klasse 6å fareå farefærfórhar forreå vekseå væksevæksvakshar vokseSterke verb Klasse 7å gåå gågårgjekkhar gåddSvake j-verbå seljeå sællesællsæltehar sæltå spørjeå spørrespørsportehar sportå symjaå sømmesømmsømtehar sømtSvake e-verbå viseå visevisevistehar vistSvake a-verbå kasteå kastekastekastahar kastaSvake kortverbå truå trutrurtruddehar truddå blødeå bløblørblødehar blødd

Kjelder

Kategori:Norske målføre Kategori:Troms fylke