DS «Nova» (kallesignal LCGN) var eit dampskip bygt i 1921 som lasteskip.

Skipet vart opphavleg levert til Den Norske Amerikalinje som «Langfjord», men alt same månaden vart det selt til Det Bergenske Dampskibsselskab, som gav det namnet «Nova». Det meste av karrieren var skipet britisk og gjekk under namnet «Carmarthen Coast».

Historie Skipet vart kontrahert av Skibs-A/S Thor Thoresens Linje i Kristiania og skulle hatt namnet «Svanfos». Skipet vart bygt ved Ardrossan Dry Dock & Shipbuilding Co. i Ardrossan i Skottland og vart levert i desember 1921 til Den Norske Amerikalinje i Kristiania som «Langfjord». Alt same månaden vart det kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) for 552 771 kroner og fekk namnet l «Nova».

Skipet gjekk inn i Frankrikeruta til BDS og segla til Dunquerque i slutten av desember 1921. Etter kort tid gjekk skipet i ruta mellom London og Austersjøen. Sommaren 1922 gjekk skipet i godsrute nordover til Kirkenes, før det igjen gjekk til Austersjøen. 14. november 1922 vart det kjend at BDS hadde selt «Nova» til britiske Coast Lines Ltd. i Liverpool for 25 000 britiske pund. Dei gav skipet namnet «Carmarthen Coast». Årsaka til salet skal ha vore at skipet hadde for dårleg stabilitet for BDS.

9. november 1939 vart skipet minesprengt og sokk tre nautiske mil utafor Seaham.

Skipet Tonnasjen til skipet var ved levering 972 brt, 451 nrt og lasteevna var 1 200 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 2 268 m³. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Plenty & Son i Newbury. Oppgjeven yting var 700 iHk (indikerte hestekrefter) og 142 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 9,5 knop.

Sjå òg Flåten til Det Bergenske Dampskibsselskab

Kjelder

Kategori:Norske dampskip Kategori:Norske lasteskip Kategori:Britiske dampskip Kategori:Britiske lasteskip Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:Skip bygde i Skottland Kategori:Skip frå 1921 Kategori:Krigsforlis i 1939 Kategori:Forlis i Nordsjøen Kategori:Forlis i Storbritannia Kategori:Skip søkkte av miner