European Geostationary Navigation Overlay System eller EGNOS er ein teknologi utvikla av Den europeiske romfartsorganisasjonen. Teknologien forbetrar grannsemda i GPS- og GLONASS-mottakarar. Tre geostasjonære satellittar (i motsetnad til navigasjonssatellittane) utgjer systemet og eit nettverk av bakkestasjonar som mæler avvik i navigasjonssignala på grunn av atmosfæriske og andre tilhøve. EGNOS gjev ei posisjonsgrannsemd på rundt 2 meter.

Nokre produsentar av GPS-mottakarar kallar EGNOS, WAAS og MSAS for Satellite Differensiell GPS (SDGPS).

Systemet skulle ha vore operativt i juni 2005, men vart først erklært operativt 1. oktober 2009.

Sjå òg

Wide Area Augmentation System (WAAS) – det amerikanske motstykket Galileo – det europeiske satellittnavigasjonssystemet

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «European Geostationary Navigation Overlay System» frå , den 8. mai 2020.

Bakgrunnsstoff

ESA si offisielle side om EGNOS.  Kategori:Radionavigasjon Kategori:ESA Kategori:Satellittbasert navigasjon