Andreas Kjell Lund Ugland () var ein norsk sivilingeniør, investor og skipsreiar.
Liv og virke
Bakgrunn Ugland var son av skipsreiaren Johan Milmar Ugland (1881–1960) og Sara «Sarita» Lund (1892–1981). Han gifta seg med Aud Oda Thompson (1925–2014) i 1952, og fekk tre søner, Johan Benad, Andreas Ove og Knut Axel.
Karriere Ugland vart sivilingeniør i 1949 på King's College i Newcastle. I 1951 byrja han å arbeida i Uglands Rederi, som faren åtte. Då faren døydde i 1960, overtok han Uglands Rederi som hovudaksjonær saman med broren Johan Jørgen Ugland med 26 prosent av aksjane kvar. I 1966 oppretta han reiarlaget Ugland Management Co. Han gjekk ut av reiarverksemda i 1996, og han og kona delte formuen med dei tre sønene sine.
Han sat i styret i Det Norske Veritas, Lloyd's of London og American Bureau of Shipping. Han var òg visepresident i Norges Rederiforbund, og president i organisasjonen Intertanko.
Heidersteikn
Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden (1984) Sjøfartsdirektoratets plakett (1991) Kommandør av Republikken Italias fortenstorden Æresborgar av byen Numakuma i Japan Æresdoktor ved John B. Lacson Foundation Maritime University, Filippinane (2008)Andreas Ugland and Jacob Stolt-Nielsen receive honorary doctorates, Intertanko, Weekly News, No. 06/2008, 8. februar 2008.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Andreas Ugland» frå , den 8. mai 2020.
Litteratur
Birger Dannevig: Ugland. Skipsbyggere – skipsførere – skipsredere gjennom 200 år, Grimstad 1973 Gunnar Nerheim; Kristin Øye Gjerde: Uglandrederiene, verdensvirksomhet med lokale røtter, Grimstad 1996
Bakgrunnsstoff
Om Andreas Kjell Lund Ugland frå Norsk biografisk leksikon
Kategori:Folk frå Grimstad Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Norske skipsreiarar Kategori:Norske investorar