More Than Ever er det niande studioalbumet til det amerikanske bandet Blood, Sweat & Tears, gjeve ut i juli 1976 som det siste albumet deira på Columbia Records. Albumet nådde 165. plassen på Billboard-lista i USA. Det inneheld ein singel som gjekk inn på singellista, «You're the One», som nådde 106. plassen på poplista og sjetteplassen på easy listening-lista.

Endringane i besetninga til bandet heldt fram der Mike Stern erstatta Georg Wadenius på elektrisk gitar, Danny Trifan erstatta Ron McClure på bass, og Forest Buchtell erstatta Joe Giorgianni på trompet. Perkusjonisten Don Alias slutta i bandet, og Mike Corbett kom til på korvokal. Den kjende bassisten Jaco Pastorius, som vart oppdaga av og signert til Epic Records av Bobby Colomby, var ei kort stund i bandet på denne tida, men medverka ikkje på dette albumet.

More Than Ever vart produsert av Bob James, som henta inn studiomusikarar som Steve Khan på gitar, Richard Tee på klaverinstrument, Eric Gale på gitar, Hugh McCracken på gitar og Eric Weissberg på banjo og dobro, i tillegg til vokalisten Patti Austin på korvokal.

Albumet hadde eit uvanleg plateomslag, som berre bestod av eit foto av sjølve vinylplata.

More Than Ever kom ut på ny på CD i 2003 på Wounded Bird og Sony Music.

Mottaking

Bruce Eder skreiv for Allmusic: «For første gongen sidan det andre albumet høyrest gruppa -- med berre trommisen Bobby Colomby att frå originalbesetninga og Bob James som produsent -- modige, entusiastiske og positive ut. Lyden er noko meir R&B-orientert og mindre rocka enn på eldre utgjevingar, som faktisk gjer det heile betre. Syngjestilen til Thomas er noko utdatert, frå ein 60-tals blåaugd soul-tradisjon, som verka malplassert midt i discobølgja i andre halvdelen av 70-talet.»

Innhald

Medverkande David Clayton-Thomas – vokal Bobby Colomby - trommer Mike Stern - gitar Don Alias - perkusjon Larry Willis – klaverinstrument Danny Trifan - bass Tony Klatka - trompet Forest Buchtell - trompet Dave Bargeron - trombone, tuba Bill Tillman – tenorsaksofon, fløyte

Gjestemusikarar

Bob James - klaverinstrument Steve Khan - gitar Richard Tee - klaverinstrument Eric Gale - gitar Hugh McCracken - gitar Eric Weissberg - banjo, dobro Jon Faddis - trompet Arnie Lawrence - altsaksofon Gary King - bass Marvin Stamm - trompet Dave Taylor - trombone Sid Weinberg - obo Dave Freidman - xylofon, marimba, vibrafon Patti Austin, Vivian Cherry, Lani Groves, Gwendolyn Guthrie, Yolanda McCullough, Frank Lloyd, William Eaton, Zachery Sanders - korvokal

Produksjon

Bob James – produsent og arrangør Bobby Colomby - medprodusent

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «More Than Ever (Blood, Sweat & Tears album)» frå , den 11. mai 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Blood, Sweat & Tears-album Kategori:Musikkalbum frå 1976 Kategori:Album produserte av Bob James Kategori:Album spelte inn i CBS 30th Street Studio Kategori:Columbia Records-album