«Peace of Mind» er ein song skriven av Tom Scholz og opphavleg gjeven ut av Boston på debutplata deira Boston i 1976. Songen kom ut på singel året etter som den tredje og siste singelen frå albumet, og nådde 38. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100 i 1977, og 33. plassen på Cash Box Top 100. Songen vart mykje spelt på radio, både då han kom ut på albumet Boston, og seinare.

«Peace of Mind» er ein av seks songar som Scholz arbeidde på i kjellarstudioet sitt i 1974 og 9175, før Boston fekk platekontrakt. Demoinnspelinga av songen var i røynda ferdig i 1974. Trommene vart først utvikla av Jim Masdea, sjølv om det er Sib Hashian som spelte på den endelege utgjevinga.

Medverkande Tom Scholz – akustisk og electric rytmegitar, sologitar, bassgitar Sib Hashian – trommer Brad Delp – vokal

Salslister Vekeslister Liste (1977)PlasseringCanada RPM 41U.S. Billboard Hot 100 38U.S. Cash Box Top 100 33

Andre versjonar «Peace of Mind» vart spelt av Stryper i 2009 på albumet Murder by Pride. Tom Scholz spelte gitar på denne utgåva.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Peace of Mind (Boston song)» frå , den 12. mai 2020. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1976 Kategori:Singlar frå 1977 Kategori:Boston-songar Kategori:Songar produserte av Tom Scholz Kategori:Songar produserte av John Boylan Kategori:Epic Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Tom Scholz