Abdel Fattah Saeed Hussein Khalil al-Sisi () er ein egyptisk general og president i landet sidan 2014. Han er mest kjend for å vera mannen som stod bak kuppet 3. juli 2013.

Karriere Al-Sisi studerte ved militærakademiet i 1977.

I 2011, etter protestane som førte til at president Hosni Mubarak gjekk av, blei Al-Sisi utpeikt av den nye islamistiske presidenten Mohammed Mursi som leiar for den militære etterretninga. 5. august 2012 blei han også utpeikt som forsvarsminister.

Under nye folkelege protestar i juni-juli 2013 mot styret til den nye president Mohammed Mursi som var upopulær i store delar av befolkninga, gav al-Sisi 2. juli presidenten ein tidsfrist på 48 timar for å finna ei løysing. Viss ikkje kom militæret til å gripa inn for å få fjerna han. Mursi ignorerte dette, og 4. juli fekk Al-Sisi avsett presidenten. Al-Sisi blei president i Egypt 8. juni 2014.Ny president teken i eid, nrk.no, 8. juni 2014.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Abdel Fattah el-Sisi» frå , den 14. mai 2020.

Bakgrunnsstoff

Abdel Fattah al-Sisi i The Arab Republic of Egypt Presidency.

Kategori:Egyptiske offiserar Kategori:Egyptiske presidentar Kategori:Folk frå Kairo Kategori:Egyptarar frå 1900-talet Kategori:Egyptarar frå 2000-talet