mini|Vangar for øl frå Øystre Slidre. No på Norsk Folkemuseum. Diameter 20 cm. NF.1897-1222 mini|Denne umåla vangaren er truleg blitt brukt til mjølk. Han er frå Bykle i Setesdal, og er no på Norsk Folkemuseum. Diameter 40 cm. NF.1917-0578 Vangar er eit drikkekar eller kar av tre til å setja bort mjølk i. Dei fleste vangarar som er att er frå 1700- og 1800-talet, men slike kar kunne vera i bruk, særleg til mjølk, i fleire bygder eit stykke ut på 1900-talet. EIn vangar har form som ein bolle eller skål med to symmetriske øyre. Øyro kan vera smale eller breie. Vangarar som er brukte til øl eller små vangarar brukte til brennevin har gjerne måla eller utskoren dekor, medan vangarar som er brukte til mjølk gjerne er trekvite eller måla einsfarga utvendig. Synonym er hankeskål, vangar, vengebolle, vengeskål, vingefat, ølvengje og øyreskål.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Vangar» frå , den 16. mai 2020.
Litteratur
Gjærder, Per (1975): Norsk drikkekar av tre. Bergen – Oslo – Tromsø. ISBN 82-00-02229-3 Østby, Jon Birger (1983): Nomenklatur for drikkestell, med tegninger av Torill Sand. Oslo
Bakgrunnsstoff
Vangar på DigitaltMuseum Kategori:Norsk folkekunst Kategori:Drikkekar