mini|John Bull, ein britisk nasjonspersonifikasjon, fis kong Georg III i andletet i ein karikatur av Richard Newton frå 1798. Majestetbrot eller majestetskrenking er eit brotsverk utført mot eit statsoverhovud eller kongehus. Det kan ha form av ei ytring eller ei handling. Brotsverket er kjend frå Roma i antikken og fram til moderne tid, men er blitt avskaffa i mange konstitusjonelle monarki.

Innan kyrkjerett blei majestestbrot, med støtte frå pave Innocens III, sett på som kjetteri, ettersom gjerninga var retta mot Gud. Den tyske keisaren Fredrik II gjorde i 1238 straffa for brotsverket til brenning på bål. Etter dette kom straffa til å inngå i den såkalla keisarretten, og fekk stor speiing i Europa.

Noreg Ifølgje Christian 5s Norske Lov 1687 skulle ein som var skuldig i brot mot kongen si «Ære, Liv og Gods, den højre Haand af hannem levendis afhuggis, Kroppen parteris og læggis paa Stægle og Hjul, og Hovedet med Haanden sættis paa en Stage». Kongen hadde også ei særstilling etter straffeloven av 1902. Med straffeloven av 2005 blei majestetskrenking ikkje eit eige brotsverk, og monarken er verna mot brotsverk på samle linje som andre borgarar.

I Sverige mini|Majestetbrot i 1864 års straffelov. Omgrepet majestätsbrott blei innført i Sverige gjennom 1864 års strafflag. Brotsverket blei avskaffa 1948.

Brotsverk mot kongen kunne reknast som majestetsbrot eller høgforræderi. Mordforsøk på eit statsoverhovud skulle reknast som høgforræderi, men andre åtak som fornærming eller ærekrenking av statsoverhovudet skulle reknast som majestetbrot. Alle former for vald eller mishandling mot ein kongeleg person førte til dødsstraff eller straffearbeid på livstid. Det var reservert kongen sjølv å døma i saka, statsadvokaten fekk ikkje reisa påtale om ikkje eit kungsdrap hadde funne stad.

I Thailand Thailand si moderne lovgjeving mot majestetsbrot er ein av dei strengaste i verda. Ein som ytrar seg nedsetjande om monarken risikerer å bli dømt til fengsel i opptil 15 år. I januar 2010 blei den australske forfattaren Harry Nicolaides dømt til tre års fengsel for å i ha håna kong Bhumibol i ein roman. Dommaren gav som grunn for dommen at Nicolaides hadde skildra privatlivet til ein fiktiv prins i romanen, og gjeve inntrykk av at den kongelege makta blei misbrukt i Thailand.Australisk författare dömd till fängelse Kulturnytt, 20. januar 2009

Det tradisjonelle thailandske rettssystemet var basert på utøving av makt gjennom kongelege representantars stilling, ikkje gjennom bruk av lovtekst, som i staden vart oppbevart og behandla som heilage skrifter. Skrifta frå 1805, «Tre Segl», beskreiv hundrevis av måtar å gjere seg skuldig i majestetsfornærming på, med straff alt frå halshogging til benåding.Streckfuss s. 59-61 Majestetsfornærming har vore ein del av skriven thailandsk lov sidan 1908.News.bbc.co.uk I 1932, då Thailands monarki ikkje lenger var absolutt, og ei skriven thailandsk grunnlov tredde i kraft, hadde også denne lovteksten som forbaud majestetsfornærming. Etter 1932 såg majestetsfornærming ut til å ha ein nedgang, men endringa i straffelova i 1957, der majestetsfornærming skulle gå under tryggleiken i riket, medverka til at lova stod opp igjen. I 1976 vart lova stramma inn til å gjere straffa til ikkje mindre enn tre og ikkje høgare enn femten år.

Kapittel 2, seksjon 8 av Thailands grunnlov av 2007 lydar: «Kongen skal vere trona i ein posisjon av respektert tilbeding og skal ikkje krenkjast. Ingen person skal eksponere Kongen for noka form for skulding eller rettssak»

Nåværende Thailands straffelov § 112 lydar: «Den som ærekrenkjer, fornærmar, eller truar Kongen, Dronningen, Tronarvingen eller Regenten, skal straffast med fengsel i tre til femten år»

Påtale skjedde fram til 2018 ved at kva person som helst kunne melde ein annan, men etter dette kom det nye prosedyrar med førehandskontroll. Sjølv om det i § 112 er ei innskrenka liste med medlemmer av kongefamilien, blir lovteksten tolka utvidande til å også gjelde heile monarkiet og større maktstrukturar.Streckfuss s. 191 Vidare har thailandsk høgsterett bestemt i 2013 at nemninga «konge» i straffeloven § 112 også gjeld for tidlegare eller avdøde monarkar, ikkje berre den regjerande monarken. Saman med desse lovene blir ofte seksjon brukt 14 av den thailandske datakriminalitetlova av 2007 kapittel 1, som fastset bot eller fengsel i inntil 5 år for å leggje fornærmande innhald etter straffelova inn i eit datasystem.

Mellom 2017 og 2020 var det ikkje nye saker direkte med majestetsfornærming i Thailand. Kritikk mot monarkiet vart føretrekt handtert med datakriminalitetlova i kombinasjon med «hat mot nasjonen» (thai: ชังชาติ; RTGS: changchat), som blir sidestilt med hat mot monarkiet. Bruken vart vekt til live igjen under demonstrasjonane i 2020, då minst 35 aktivistar, blant dei ein 16-åring, vart sikta.

I november 2022 byrja straffedomstolen vitneavhøyr i etterkant av ei hending under demonstrasjonane i oktober 2020 der fem personar var sikta for brot på den sjeldan brukte thailandske straffeloven § 110. Personane var skulda for å ha «krenkt fridommen til dronninga». Saka blir rekna som ein av dei viktigaste i den politiske sfæren i landet, fordi straffa for å bryte denne paragrafen er svært streng. Dei tiltalte risikerer fengsel frå 16 til 20 år, livsvarig fengselsstraff, eller dødsstraff.

Tal frå den thailandske riksadvokaten antyda at talet på saker om majestetsfornærming i Thailand i dei fjorten åra mellom 2010 og 2024 kan ha vore så høgt som 3792, mot totalt 1832 tiltalte personar.

Resolusjon i Europaparlamentet Europaparlamentet vedtok den 13. mars 2025 ein resolusjon mot Thailands bruk av lov om majestetsfornærming. Den såkalla resolusjonen 2025/2594(RSP), med tittelen «Demokrati og menneskerettar i Thailand, spesielt sakene som gjeld lova om majestetsfornærming og deportasjon av uiguriske flyktningar», oppmodar den thailandske regjeringa til å endre eller oppheve majestetsfornærmingslova og andre undertrykkjande lovar. Resolusjonen krev amnesti til alle parlamentsmedlemmer og aktivistar tiltalt eller fengsla på grunnlag av desse lovene. Den oppmodar Europakommisjonen til å nytte forhandlingar om frihandelsavtalar til å leggje press på Thailand for å reformere lovene, og dessutan få landet til å setje fri politiske fangar og ratifisere alle sentrale ILO-konvensjonar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Majestätsbrott» frå , den 17. mai 2020, og «Majestetsfornærmelse» frå , den 18. november 2025.

Litteratur

Bakgrunnstoff «Majestetsforbrytelser», fra nrk.no 16. mai 2002 «Farlig majestetsfornærmelse» , artikkel fra tidsskriftet Minerva, 4. februar 2013

Kategori:Strafferett