4, òg kjend som Foreigner 4, er det fjerde studioalbumet til det britisk-amerikanske rockebandet Foreigner, gjeve ut den 2. juli 1981 på Atlantic Records. Fleire av singlane frå albumet vart hittar, inkludert «Urgent», «Waiting for a Girl Like You» og «Juke Box Hero».
Albumet vart ein suksess verda over og låg på toppen av Billboard-lista i totalt ti veker. Albumet har selt over sju millionar eksemplar i USA aleine.
Bakgrunn og låtskriving Albumet skulle opphavleg heite Silent Partners, men tittelen vart seinare endra til 4, for å syne både at det var det fjerde albumet deira og at bandet no var blitt kutta ned til fire medlemmar. I 1981 vart kunststudioet Hipgnosis spurt om å lage eit omslag basert på originaltittelen, og dei utvikla eit svartkvitbilete av ein ung mann i ei seng med ein kikkert hengande i lufta over han. Resultatet vart avvist av bandet sidan dei meinte det var «for homoseksuelt». Coveret som vart nytta for 4 vart designa av Bob Defrin. Hipgnosis designa plateetiketten som vart nytta.
Albumet markerte ein full overgang til hardrock, som hadde byrja med Head Games. Både Ian McDonald og Al Greenwood hadde slutta før innspelinga av 4. Alle songane på albumet er derfor skrivne av Mick Jones og/eller Lou Gramm. McDonald og Greenwood hadde spelt høvesvis saksofon og klaverinstrument, så det måtte fleire studiomusikarar til å for erstatte dei, mellom andre Junior Walker, som spelte saksofosolo på mellomspelet på «Urgent», og ein ung Thomas Dolby.
Innhald
Medverkande
Foreigner Lou Gramm – solovokal, perkusjon Mick Jones – gitar, korvokal, klaverinstrument Rick Wills – bassgitar, korvokal Dennis Elliott – trommer, korvokal
Andre medverkande Hugh McCracken – slidegitar (9) Thomas Dolby – synthesizer Larry Fast – sekvens-synthesizer (2, 3, 10) Bob Mayo – klaverinstrument-teksturar (3, 4) Michael Fonfara – klaverinstrument-teksturar (6, 9) Mark Rivera – saksofon (3, 6), korvokal Junior Walker – saksofonsolo (6) Ian Lloyd – korvokal Robert John «Mutt» Lange – korvokal
Produksjon Produsent av Robert John «Mutt» Lange og Mick Jones Lydteknikar - Dave Wittman (sjefslydteknikar) og Tony Platt (grunnspor). Andrelydteknikar – Brad Samuelsohn Assisterande lydteknikarar – Edwin Hobgood og Michel Sauvage Mastering - George Marino i Sterling Sound (New York, NY). Kunstnarisk leiar – Bob Defrin Design – Hipgnosis Management – Bud Prager
Kringlydversjon 4 kom ut i 2001 i fleirkanals DVD-Audio, og 14. september 2011 i ein hybrid stereo-fleirkanals Super Audio CD av Warner Japan.Warner Premium Sound 14. september releases (in Japanese). Henta 19. mai 2020.
Salstrofé
Salslister Album – Billboard (USA) ÅrListePlassering1981Billboard 2001
Singles – Billboard (USA) ÅrSingelListePlassering1981«Juke Box Hero»Mainstream Rock3«Night Life»Mainstream Rock14«Urgent»Club Play Singles32Mainstream Rock1Hot 1004«Waiting for a Girl Like You»Adult Contemporary5Mainstream Rock1Hot 10021982«Break It Up»Hot 10026«Juke Box Hero»Hot 10026«Luanne»Hot 10075
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «4 (Foreigner album)» frå , den 19. mai 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Foreigner-album Kategori:Musikkalbum frå 1981 Kategori:Album produserte av Robert John «Mutt» Lange Kategori:Album produserte av Mick Jones Kategori:Atlantic Records-album Kategori:Album spelte inn i Electric Lady Studios