mini|Hannfugl av vandredue, Ectopistes migratorius, utrydda i 1914, austre Canada og USA Lagnaden til vandredue i Nord-Amerika er eit slåande døme på utrydding av fugleartar som har skjedd i nyare tid. Frå ein bestand estimert til totalt ca. fem milliardar individ midt på 1850-talet, vart arten snøgt jakta ned fram til den siste ville vandredua blei skoten i 1902.
mini|Geirfugl, Pinguinus impennis, utstoppa eksemplar i Natural History Museum, London Alkefuglen geirfugl er eit sentralt og ikonisk døme i forteljinga om utrydding av fuglar i historisk tid. Han er den einaste kjente arten med leveområde i Europa som blei utrydda i historisk tid, den einaste med nærvære i Noreg og ein mogleg tidlegare hekkefugl i landet. Ei hending ved Vardø i 1848 er skildra som ei mogleg siste avliving av ein geirfugl, men hendinga er ikkje rekna som vitskapleg truverdig observasjon av arten.
Av dei omtrent 10 700 til 11 100 fugleartane som har vore skildra, er 159 artar utrydda, og 225 artar er kritisk truga, av dei som er kategoriserte kritisk truga er 22 sannsynlegvis allereie utrydda. Det er ei generell semje blant forskarar som studerer desse trendane om at viss menneskeleg innverknad på miljøet held fram som siste tiåra, så vil ein tredel av alle fugleartar og ein endå større del av fuglebestandane vere borte ved slutten av dette hundreåret.
Nokre artar som ikkje er utdøydde og verkar rikelege i bestand, har trass i dette fått reduserte populasjonar frå tidlegare år. Til dømes har populasjon av trastar i Nord-Amerika gått ned 50 % dei siste 50 åra. I følgje American Bird Conservatory minkar 12 % av fugleartane på den vestlege halvkula med ei slik fart at dei vil bli utrydda i løpet av det neste hundreåret.
Historisk oversyn mini|Sumpparula, Vermivora bachmanii, søraustre USA og Cuba, ikkje funne etter 1980-åra mini|alt=Måleri av ein dronte, ein raud parakitt til venstre og ein blå til høgre|Den berømte «Edward sin dronte», målarstykke av Roelant Savery, 1626 mini|Vorteblådue, Alectroenas nitidissimus, uttrydda frå 1840 på Mauritius mini|Labradorand, Camptorhynchus labradorius, utdøydd ca. 1875 mini|Maorivaktel, Coturnix novaezelandiae, utrydda ca. 1875, New Zealand mini|Hawaiimamo, Drepanis pacifica, utrydda frå ca. 1898 mini|Kangaroo Island emu, mogleg underart av emu, utdøydd ca. 1827 Sjå òg evolusjonen av fuglar Notidas fuglar, moderne fuglar, har ein evolusjonær periode frå om lag midt i krittida, ca. 100 til 120 millionar år tilbake i tid. Dei i underkant 11 000 fugleartane vi ser i dag er trudd å utgjere ca. ein prosent av alle artar av moderne fuglar som har eksistert. Dei 99 % andre artane er utdøydde. Framvekst av nye artar og etterfølgjande utryddingar vart drivne av langsame, naturlege prosessar på jorda som kontinentaldrift med splitt og samanslåingar, vulkanisme og klimaendringar.
Utrydding i mennesket sine tidsaldrar Sameksistens menneske-fugl på jorda har berre skjedd i ein ekstremt kort periode av fuglar sitt tilvære etter at menneske blei spreidde på kontinenta, til dømes i Australia for 50 000 år sidan. Det er funne eit gjennomgåande mønster som syner at menneskeleg ekspansjon til eit nytt kontinent blir følgt av ei utryddingsbølgje på kontinentet, bortsett frå i Afrika. Menneskeleg nærvære har endra livstilhøva i habitata for fuglar og har redusert og utrydda bestandar i ei heilt anna tempo enn i tidlegare geologiske epokar. Det er estimert at ca. 8000 fugleartar som har levd på land er blitt utrydda av menneske i denne korte perioden av sameksistens. Nyare utdøydde artar er dokumenterte av funn av beinrestar. Det er semje blant biologar om at artsutrydding som går føre seg i dag, i antropocen, skjer i eit tempo som kan samanliknast med krit-tertiær-utryddinga. I sein pleistocen Teratornis var ein gigantisk rovfugl som levde i Nord-Amerika til han døyde ut for ca. 10 000 år sidan, om lag 10 000 år etter at menneske kom til kontinentet. Dette var òg omtrent samstundes med at anna amerikansk megafauna døydde ut eller blei utrydda av menneske.
I holocen Funn av beinrestar frå tidlegare fugleartar ved arkeologiske stader har avdekt eit stort artsmangfald i Karibia, 3-4000 år tilbake i tid. Berre eit lite utval av desse fugleartane er i dag ein del av faunaen på øygruppa. Øyane vart koloniserte for ca. 6000 år sidan.
Ei namngjeven fuglegruppe elefantfuglar på Madagaskar døyde ut for ca. 1000 år sidan, berre ca. 200 år etter den fulle kolonisering av øya.
New Zealand har seinare døme, landet vart busett av menneske frå omtrent år 1200. Dei ni artane av strutseliknande moafuglar utan flygeevner vart utrydda innan ca. år 1440, og den kjempestore moaørna kanskje litt før det igjen.
Ein veit òg at andre «øyartar» døydde ut før år 1500, til dømes ibisar på Hawaii og tallause artar av rikser utan flygeevner. Ut frå funn av bein eller fossiliserte beinrestar, er det estimert at meir enn 500 rikseartar utan flygeevne levde på tropiske stillehavsøyar på den tida då øyane fekk menneskeleg kontakt.
Etter år 1500 Sjå òg detaljert oversyn fugleartar utdøydde etter år 1500 Frå ca. år 1500 starta ei meir vitskapleg skildring av fauna som har gjort det mogleg å systematisere fugleartar. I denne siste korte perioden har meir enn 150 namngjevne fugleartar døyd ut eller vorte utrydda, fleirtalet av utryddingane har skjedd på øyar, spesielt dei i Stillehavet. Desse inkluderer land som New Zealand, Australia, Fiji og Papua Ny-Guinea. Det er ein dominans av rikser, papegøyefuglar, duer og hawaiifinkar blant dei utdøydde artane etter år 1500. Sjølv om artane har fått artsnamn på engelsk er fleire artar som døydde ut i perioden 1500 til år 1900 svakt skildra og kanskje berre kjent av artsprøvar eller holotype.
Verdas naturvernunion, IUCN, forvaltar ei global raudliste som kategoriserer artar. Birdlife International, BLI, tilbyr informasjon og oversyn over fugleartar, inkludert dei med kategorien EX utrydda (extinct).
Med øy meinast i det følgjande både dei større kontinentale øyar som New Zealand og dei mindre, ofte oseaniske øyar.
.1500-talet Ein portugisisk ekspedisjon oppdaga St. Helena i 1502, og ein reknar at fem fugleartar vart utrydda på øya kort tid etter. Dette var to rikser, ein art i hærfuglfamilien og to petrellar med hekkehabitat på øya.
.1600-talet Bermuda vart først vitja i 1505, men ikkje busett før folk frå England kom og kolonisete øya i 1607. Etter det døydde fem artar ut på 1600-talet, ein hegre, ei ugle, ein hauk, ein amerikasporv og ein hakkespett.
Mauritius vart busett av hollendarar frå 1638, og frå den tid følgde fire utryddingar på 1600-talet. Den mest kjente arten som var utrydda på øya frå 1662 er dronte, Raphus cucullatus, ein kjempestor medlem av duefamilien utan flygeevner. Dei tre andre er ei and, ein papegøye og ein hegre.
Rodrigues blei ikkje busett før i 1691, men vitja regelmessig av hollendarar på 1600-talet. Alectroenas payandeei, eng: 'Rodrigues Blue-Pigeon' kan ha blitt utrydda før 1700 som følgje av predasjon av forvilla rotter.
Réunion vart oppdaga tidleg på 1600-talet og kolonisert. Åtte artsutryddingar hendte på 1600-talet inkludert to rikser, ein art truleg utan flygeevne, og ei med redusert flygeevne.
.1700-talet I dette hundreåret skjedde ei vid europeisk kolonisering av stillehavsøyar som brakte med innførte pattedyr. Dermed kom òg snøgge utryddingar. Rodrigues fekk no 7 fugleutryddingar etter koloniseringa, inkludert rodriguesdronte, Pezophaps solitaria og rodriguesstare, Necropsar rodericanus.
Andre kjente utrydda artar som har namn på norsk er: Kiritimatisnipe, Prosobonia cancellata, 1768, Kiribati Raiateaparakitt, Cyanoramphus ulietanus, 1773, Raiatea, austre Selskapsøyane Mooreasnipe, Prosobonia ellisi, 1777, Selskapsøyane Tahitisnipe, Prosobonia leucoptera, 1790, Tahiti Amsterdamblesand, Mareca marecula, 1793, Île Amsterdam og Île Saint-Paul
Totalt blei omtrent 30 fugleartar utrydda på 1700-talet.
.1800 talet I dette hundreåret starta ei framleis pågåande utryddingsbølgje over Hawaii-øyane.
Fleire artar som ikkje er kategoriserte som «øyartar» er registrert som utdøydde i dette hundreåret: Labradorand, Camptorhynchus labradorius, 1875, nordaustre Nord-Amerika Geirfugl, Pinguinus impennis, 1844, nordlege Nord-Atlanteren Brilleskarv, Phalacrocorax perspicillatus, 1852, øyar i Beringhavet Kvitbrynhøne, Ophrysia superciliosa, 1876, vestre og sentrale Himalaya
Ein timal på Borneo og tre artar på hovudøyane på New Zealand døydde ut.
Heile ni artar på Hawaii kom bort, fem i Karibia, inkludert kubaara, Ara tricolor. Seks artar på øyar i Indiahavet, inkludert snigelkoa, Coua delalandei, på Madagaskar døydde ut. Elles er det registrert ni utdøydde artar på øyar nær New Zealand, og ti på andre sentrale stillehavsøyar. Ein finn flest fuglar frå riksefamilien blant artane som blei utrydda i hundreåret, av dei fire utan flygeevne og tre med dårleg flygeevne.
.1900 talet IUCN har ført opp meir enn 60 utrydda artar der utryddinga kan tidfestast til 1900-talet. Tolv utrydda hawaiifinkar er den største gruppa utryddingar i hundreåret. I tillegg blei dei siste tre artane utrydda i den no utdøydde familien Mohoidae av nektaretande songfuglar som var endemiske for øygruppa Hawaii. Det blei utrydda 14 artar på øyar i Stillehavet, inkludert ei rikse utan flygeevne i fransk Polynesia: tahitirikse (Gallirallus pacificus). Det er dessutan utdøydde representantar frå øyar ved Japan, i Indiahavet, i Karibia og ei rikse utan flygeevne på Tristan da Cunha i Sør-Atlanteren. Femten artar på øyar i New Zealand og ved Australia, inkludert to rikser utan flygeevne på Chathamøyane.
Ikkje-«øyartar» som vart utrydda er: Vandredue, Ectopistes migratorius, 1914, austre Canada og USA Colombiadukkar, Podiceps andinus, 1977, våtmarksområde ved Bogotá i Colombia Atitlandukkar, Podilymbus gigas, 1986, Atitlánsjøen, Guatemala Karolinaparakitt, Conuropsis carolinensis, 1918, austre USA Smalnebbtrupial, Quiscalus palustris, 1910, Mexico Dei to dukkarartane var utan flygeevne.
To ender er kategoriserte som kritisk truga av IUCN og rekna som moglegvis utrydda, CR(PE), av Birdlife International: Rosenhovudand, Rhodonessa caryophyllacea, India og Myanmar Koreagravand, Tadorna cristata, Sibir og Koreahalvøya
Eit døme på klassifisert som kritisk truga av IUCN er guadalupestormsvale, Oceanodroma macrodactyla. Arten har ikkje vore funnen att etter år 1912, trass grundig leiting og undersøkingar på Guadalupeøya utanfor Mexico i år 2000. Birdlife International har klassifisert ho som kritisk truga, moglegvis utdydda, CR(PE).
.2000 talet Ein medlem av tyrannfamilien på San Cristóbal, Galápagosøyane vart erklært utrydda i 2006. Ein dukkar på Madagaskar i 2010. Andre artar offisielt utrydda frå år 2019 er to omnfuglar som levde nordaust i Brasil. Dette er alagoaslauvgranskar, Philydor novaesi, og kaneltrejeger, Cichlocolaptes mazarbarnetti.
Den sist registrerte utryddinga på Hawaii er òg frå år 2019: haleakalafink, Melamprosops phaeosoma, (Po‘o’uli).
På Hawaii er dessutan fem andre finkeartar og ei trasteart forsvunne og står oppførte med status kritisk truge, moglegvis utrydda, CR(PE).
Årsaker til reduksjon av fuglepopulasjonar I historisk tid er det i mange tilfelle ein kombinasjon av fleire menneskeskapte og/eller naturlege omstende som fører til at ein art går under. Eit unnatak er når øyartar blir utsette for innførte predatorar som evolusjonen ikkje har gjeve vern mot. Då kan for eksempel forvilla kattar vere alt som skal til for ei snøgg utrydding av ei fugleart som har øya som einaste hekkestad.
Gjennom dei siste tiåra er utrydding av fuglar talfesta i Canada og USA, der er ca. 2,9 milliardar fugleindivid tapt i perioden 1970 til 2019.
Fragmentering og tap av habitat