Polat Kemboi Arıkan, opphavleg Paul Kipkosgei Kemboi (), er ein kenyansk tidlegare langdistanseløpar som representerte Tyrkia. Han vann gull på 10 000 meter både under EM 2012 og EM 2016, i 2012 tok han også bronse på 5 000 meter.

Aktiv Kemboi fekk tyrkisk statsborgarskap i 2011. Året etter vann han milløpet under europameisterskapen i Helsinki, før han sprang inn til bronse på 5 000 m. I 2016 vann han EM-gull på 10 000 meter for andre gong. Nokre veker seinare sette han personleg rekord på mila under Sommar-OL i Rio de Janeiro, men vart ikkje betre enn nummer 13.

Arikan sine personlege rekordar på 5 000 og 10 000 meter er 13.05,9 og 27,35,5.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 2012 i Helsinki: Gull på 10 000 m – 28.22,2, og bronse på 5 000 m (13.32,6) OL 2012 i London: Nr 9 på 10 000 m – 27.38,8. Utslått i kvalfiseringa på 5 000 m (13.27,2=nr 19) VM 2013 i Moskva: Braut 10 000 m EM 2014 i Zürich: Nr 4 på 10 000 m – 28.11,1 EM 2016 i Amsterdam: Gull på 10 000 m – 28,18,5, framom Ali Kaya (28.21,4) OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 13 på 10 000 m – 27.35,5 VM 2017 i London: Braut 10 000 m EM 2018 i Berlin: Nr 6 på 5 000 m – 13.23,4. Braut 10 000 m

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Polat Kemboi Arıkan» frå , den 25. mai 2020.

World Athletics

Kategori:Kenyanske langdistanseløparar Kategori:Tyrkiske langdistanseløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Tyrkia Kategori:Tyrkiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Tyrkiske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Tyrkiske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020