The Prelude Implicit er det femtande studioalbumet til det amerikanske progressive rockebandet Kansas, gjeve ut i september 2016. Det var det tredje studioalbumet deira utan det opphavleg medlemmet, vokalisten og klavarspelaren Steve Walsh, som trekte seg frå bandet i 2014. Det er det første albumet med solovokalisten og klaverspelaren Ronnie Platt, klaverspelaren David Manion og gitaristen Zak Rizvi, som starta som medprodusent og låtskrivar, før han vart fulltidsmedlem av bandet.
Bakgrunn Det var det første Kansas-albumet sidan Somewhere to Elsewhere i 2000 og markerte den lengste perioden mellom to studioalbum av Kansas. Det opphavlege medlemmet Kerry Livgren, som var komen attende til bandet for det førre albumet, hadde slutta igjen og lete Steve Walsh vere den einaste låtskrivaren att i bandet. Då han var motvillig til å gje nye songar til bandet, gjorde at dei stod på bar bakke. Medan gruppa fortsete å gje ut samlealbum og konsertalbum, vart Native Window skipa som eit sideprosjekt av Ehart, Greer, Ragsdale og Williams som ønskte å spele inn nye songar på eiga hand. Då Walsh slutta i 204 kom Platt og Manion inn i bandet.
Mottaking
Tim Jones i Record Collector skreiv at albumet var «eit forsøk på å gjenskape tidlegare stordom, og var rosverdig, utan å heilt nå opp til dei høgdene». AllMusic og James Christopher Monger rosa albumet for å vere «noko som høyrest både kjend og nytt ut» og skriv at «den teknisk glimrande 'The Prelude Implicit' treff bokstavleg talt alle dei rette notane og bør gå rett heim hos langvarige fans, trass i at Walsh ikkje er med».
Innhald
Medverkande Kansas Ronnie Platt – solovokal, piano på «The Voyage of Eight Eighteen» Rich Williams – elektrisk og akustisk gitar, produsent Zak Rizvi – elektrisk gitar, vokal, produsent, miksing David Manion – piano, klaverinstrument, orgel og lyddesign David Ragsdale – fiolin, vokal Billy Greer – bass, vokal, solovokal på «Summer» Phil Ehart – trommer, perkusjon, produsent
Produksjon Chad Singer - lydteknikar James Cobb, Jonathan Beckner, Will McPhaul - assisterande lydteknikarar Jeff Glixman - miksing og mastering Vlado Meller - mastering Denise de la Cerda - kunst Michie Turpin - fotografi Christine Boyd - logo og tittel Thomas Ewerhard - layout
Salslister Liste (2016) Peak position Den franske albumlista (SNEP) 105 Italia (FIMI) 63 Spania (PROMUSICAE) 87
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Prelude Implicit» frå , den 25. mai 2020.
Kategori:Kansas-album Kategori:Musikkalbum frå 2016 Kategori:Inside Out Music-album