Look into the Future er det andre studioalbumet til den amerikanske rockegruppa Journey. Det kom ut i januar 1976 på Columbia Records.
Det andre albumet til Journey var ikkje så prega av progressiv rock som det første, og var meir fokusert. Trass i dette har Look into the Future noko av det eksperimentelle aspektet som debutplata hadde, særskild tittelsporet og «I'm Gonna Leave You». Albumet inneheld ein coverversjon av The Beatles-songen «It's All Too Much» frå filmen Yellow Submarine. Tittelsporet var den lengste songen Journey spelte inn fram til 1980, då «Destiny» frå Dream, After Dream vart spelt inn.
Gitaristen George Tickner slutta i bandet etter å ha skrive to songar for albumet, og attende var Gregg Rolie (solovokal/klaverinstrument), Neal Schon (gitar), Ross Valory (bass) og Aynsley Dunbar (trommer).
Innhald
Medverkande Gregg Rolie – vokal, klaverinstrument Neal Schon – gitar Ross Valory – bassgitar Aynsley Dunbar – trommer
Produksjon Glen Kolotkin – medprodusent, lydteknikar Mark Friedman – lydteknikar George Horn – mastering
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Look into the Future» frå , den 27. mai 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Journey-album Kategori:Musikkalbum frå 1976 Kategori:Columbia Records-album Kategori:Album produserte av Glen Kolotkin