Galina Vjatsjeslavovna Maltsjugina () er ein russisk tidlegare sprintar som under Friidretts-VM 1993 vann gull i 4 x 100 m stafett og ved VM 1995 bronsemedaljen på 200 meter. Ho tok elles to bronsar på 200 m i europameisterskap og heile fem sølv-/bronse-medaljar i stafett-løp i store internasjonale meisterskap.

Aktiv Maltsjugina var 25 år gammal då ho under sommarleikane 1988 i Seoul deltok på Sovjetunionen sitt bronselag i 4 x 100 m stafett, få dagar etter ho var med i finalen på spesialdistansen 200 meter. To år seinare sprang ho inn til bronse på 200 m ved europameisterskapen i Split. I 1991 vart ho nummer fem på 200 m og ho vann sølv på stafetten ved verdsmeisterskapen i Tokyo. Også under Sommar-OL 1992 i Barcelona var ho med å vinne sølv i 4 x 100 m stafett.

Saman med Olga Bogoslovskaja, Natalia Pomosjtjnikova-Voronova og Irina Privalova vart Maltsjugina verdsmeister i 4 x 100 meter stafett då VM 1993 vart avvikla i Stuttgart, dei representerte då Russland. Frå EM 1994 i Helsinki reiste Maltsjugina heim med ein sølvmedalje og ein bronsemedalje, frå høvesvis stafetten og 200-meteren. Sesongen etter vann ho bronsen på yndlingsdistansen ved VM i Göteborg, klart bak gullvinnar Merlene Ottey og si eiga landskvinne Irina Privalova.

Den 4. juli 1996 presterte Maltsjugina personbeste på 200 meter med tida 22,18 sekund ved eit stemne i St. Petersburg. Under dei olympiske leikane i Atlanta nokre veker seinare glapp medaljane på både på 200 meter og i stafett, ho enda opp med ein fjerde- og femteplass. Etter å ha vunne bronse med Russlands stafettlag i EM 1998 la ho opp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1988 i Seoul: Nr 8 på 200 m – 22,42. Bronse i 4 x 100 m stafett (42,75) EM 1990 i Split: Bronse på 200 m – 22,23 VM 1991 i Tokyo: Nr 5 på 200 m – 22,66. Sølv i 4 x 100 m stafett (42,20) OL 1992 i Barcelona: Sølv i 4 x 100 m stafett (42,16). Nr 8 på 200 m – 22,63 VM 1993 i Stuttgart: Gull i 4 x 100 m stafett (41,49). Nr 7 på 200 m – 22,50 EM 1994 i Helsinki: Bronse på 200 m – 22,90. Sølv i 4 x 100 m stafett (42,96) VM 1995 i Göteborg: Bronse på 200 m – 22,37 OL 1996 i Atlanta: Nr 5 på 200 m – 22,45. Nr 4 i 4 x 100 m stafett (42,27) EM 1998 i Budapest: Bronse i 4 x 100 m stafett (42,73)

Dottera Julija Tjermosjanskaja var med om å vinne 4 x 100 meter stafett under Sommar-OL 2008.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Galina Wjatscheslawowna Maltschugina» frå , den 3. juni 2020.

Denne artikkelen bygger på «Galina Malchugina» frå , den 3. juni 2020.

World Athletics

Kategori:Sovjetiske sprintarar Kategori:Russiske sprintarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for SUS Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1992 Kategori:Deltakarar for SUS under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996