Crystal Ball er det sjette studioalbumet til Styx, gjeve ut i 1976.

Albumet var det første dei spelte inn med den nye gitaristen Tommy Shaw. Sporet «Mademoiselle» var den første songen Tommy Shaw song på og vart ein topp 40 hit på den amerikanske singellista.

Tittelsporet vart fast på konsertane til bandet, og vart spelt på samtlege Styx-turnear som Shaw var med på.

Det klassiske stykket til Claude Debussy, «Clair de Lune» fungerte som intro til avslutningssporet på albumet, «Ballerina». Versjonen av «Clair de Lune» vert framført av DeYoung aleine på piano.

Mottaking

Daevid Jehnzen i AllMusic gav Crystal Ball tre og ei halv av fem stjerner. Han meinte det var betre enn det førre Styx-albumet, Equinox (1975), sjølv om det ikkje vart ein like stor suksess. Han sa òg at albumet syner «at Styx vert stadig flinkare til å skrive enkle, fengande pop-knaggar ut frå den bombastiske lyden deira.» Alan Niester i Rolling Stone meinte at albumet var bra og skreiv at «sjølv om Styx høyrer heime i Chicago, har dei ein engelsk stil over seg». Han sa òg at instrumenteringa «alltid verka å vere på randen av å kome ut av kontroll, noko som gjer heile albumet spanande.»

Innhald

Medverkande Styx Dennis DeYoung – vokal, klaverinstrument Tommy Shaw – vokal, elektrisk og akustisk gitar James «JY» Young – vokal, elektrisk gitar Chuck Panozzo – bassgitar John Panozzo – trommer, perkusjon

Produksjon Produsent: Styx Lydteknikarar: Barry Mraz og Rob Kingsland

Salslister Album – Billboard (USA) ÅrListePlassering1976Pop Albums66

Singlar – Billboard (USA) ÅrSingelListePlassering1976«Mademoiselle»Pop Singles36

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Crystal Ball (Styx album)» frå , den 4. juni 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1976 Kategori:A&M Records-album Kategori:Styx-album