«Show Me the Way» er ein song skriven av Dennis DeYoung og gjeven ut som den andre singelen frå albumet Edge of the Century av Styx i 1990. Songen nådde tredjeplassen på singellista i USA i mars 1991, og er den åttande og så langt siste topp 10-singelen til Styx i USA.

Dennis DeYoung, som var ein trufast katolikk, skreiv opphavleg songen for sonen Matthew som ei slags salme om å kjempe med trua si i «ei verd fylt med hat». Singelen kom ut i desember 1990 og gjekk langsamt oppover listene og låg inne på topp 40 av den amerikanske Billboard Hot 100 i 23 veker.Billboard Hot 100, Week of 16. mars 1991 Songen nådde òg tredjeplassen på Adult Contemporary-lista, og nådde òg fjerdeplassen på den kanadiske pop-lista.http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?brws_s=1&file_num=nlc008388.1455&type=1&interval=24&PHPSESSID=2rd7undgbmpeaih1iodr4q8pj4

Songen var den fjerde og ssite topp 5-singelen til Styx (og den åttande topp 10-singelen), og vart rangert på 68. plassen på lista til Billboard for heile 1991.Hot 100 Singles of 1991, Billboard

Musikkvideoen til songen var regissert av Michael Bay.

Salslister Liste (1990-91)PlasseringCanada RPM Top Singles4Canada RPM Adult Contemporary3U.S. Billboard Hot 1003U.S. Billboard Adult Contemporary3

Årslister Liste (1991)PlasseringCanada Top Singles (RPM)31U.S. Billboard Hot 10068

Medverkande Dennis DeYoung - solovokal, klaverinstrument James Young - sologitar, korvokal Glen Burtnik - rytmegitar, korvokal Chuck Panozzo - bass John Panozzo - trommer

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Show Me the Way (Styx song)» frå , den 7. juni 2020. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1990 Kategori:Singlar frå 1990 Kategori:Styx-songar Kategori:Rockeballadar Kategori:Songar skrivne av Dennis DeYoung Kategori:A&M Records-singlar Kategori:Musikkvideoar regisserte av Michael Bay