Supertramp er det sjølvoppkalla debutalbumet til det engelske rockebandet Supertramp, gjeve ut i juli 1970. Det har stundom blitt gjeve ut under tittelen Now and Then.
Det kom ikkje ut i USA før seint i 1977, men kunne importerast frå Storbritannia. I 1977 nådde albumet 158. plassen på den amerikanske Billboard 200.Supertramp in the Billboard charts, AllMusic. Henta 9. juni 2020.
Bakgrunn og innspeling Alle tekstane på albumet var skrivne av Richard Palmer, sidan ingen av dei andre medlemmane i bandet ønskte å skrive noko. Palmer sa sjølv at han såg på det å skrive tekstane som «å få lekser» han måtte gjere.Interview with Richard Palmer-James in Calamity, Elephant Talk. Musikken til songane var komponert av Rick Davies og Roger Hodgson i lag.
Albumet vart spelt inn i løpet av i natt frå midtnatt til kl. 06 om morgonen. Dette kom av ei overtru om at det var noko «magisk» å spele inn på natta, noko dei hadde fått høyrt av Traffic og Spooky Tooth.Fuentes, Abel (January 2011). Interview with Richard Palmer, Supertramp Soap Box Asylum. Henta 9. juni 2020. Hodgson sa seinare «Lydteknikaren vår, Robin Black, sovna fleire gonger midt under innspelinga, som var ganske intens fordi me heile tida krangla med Richard Palmer.» Han var glad i resultatet og sa over eit tiår seinare at «det var alt særs naivt, men det var ei god stemning.»
Etter det tredje albumet til Supertramp, Crime of the Century (1974), vart ikkje lenger songar frå debutalbumet spelte på konsertane deira lengre. Dei to unntaka var «Home Again» og «Surely», som stundom vart spelte som ekstranummer fleire år seinare. «Surely» har òg vore med på somme av samlealbuma deira.
Songar frå dette albumet, som «Words Unspoken» og «I Am Not Like Other Birds of Prey», vart nytta i filmen Extremes (1971), i lag med musikk frå andre grupper.
Mottaking
Kritikarane har generelt vore positive til albumet. Ei melding av Judith Simons i Daily Express sa: «Denne debutplata av ei gruppe lovande musikk-poetar, er noko meir melodisk enn dei fleste platene som kjem ut under kategorien 'progressiv pop.'» Trass i dette selde albumet dårleg.
I ei seinare melding skreiv AllMusic at albumet «strøymer over av pretensiøs musikk som svingar hit og dit, med større vekt og merksemd til klaverinstrumenta og gitar enn til tekstane og den totale heilskapen.» Men dei innrømde at «blanding av iver og finesse» på albumet var appellerande.
Innhald Alle songar skrivne av Rick Davies, Roger Hodgson og Richard Palmer.
All solovokal av Roger Hodgson, utanom der andre er nemnde. Solovokal skriven av Richard Palmer.
Medverkande Richard Davies – orgel (spor 2-5, 7-10), piano (spor 1, 7, 8, 10), elektrisk piano (spor 2, 7, 9), munnspel (spor 2), kor- og solovokal Roger Hodgson – bassgitar, akustisk gitar (spor 1, 6, 10), cello (spor 3, 4), flageolet (spor 5, 8, 9), solo- og korvokal Richard Palmer – elektrisk gitar, akustisk gitar, balalaika (spor 4), kor- og solovokal Robert Millar – trommer, perkusjon
Produksjon Supertramp – produsent Robin Black – lydteknikar
Salslister Billboard (USA) ÅrListePlassering1978Pop Albums158
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Supertramp (album)» frå , den 9. juni 2020. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Supertramp-album Kategori:Debutalbum frå 1970 Kategori:A&M Records-album Kategori:Album spelte inn i Morgan Sound Studios Kategori:Progressiv pop-album