Douglas Campbell «Dougie» Thomson () er ein skotsk musikar, mest kjend som bassist i det engelske rockebandet Supertramp.Whitburn, Joel, The Billboard Book of Top 40 Hits, 9th Edition, (Billboard Books, 2010), 636.

Karrieren til Thomson byrja i august 1969 då han vart med i det lokale Glasgow-bandet The Beings. I september 1971 vart han med i The Alan Bown Set der han ei kort stund arbeidde i lag med den framtidige Supertramp-kollegaen John Helliwell. I februar 1972 prøvespelte Thomson for Supertramp, og enda opp med å spele fleire konsertar som vikar.

I 1973 vart Thomson permanent medlem av Supertramp og hjelpte til i styringa av bandet i lag med managerenDave Margereson. Han overtydde òg John Helliwell om å bli med i bandet.

Thomson spelte med Supertramp på alle dei kjende albuma deira: Crime of the Century, Crisis? What Crisis?, Even in the Quietest Moments, Breakfast in America, Paris, ...Famous Last Words..., Brother Where You Bound og Free as a Bird.

Thomson har ikkje spelt med bandet sidan pausen dei tok i 1988. Han vart sidan ein forleggjar i musikkindustrien og skapte Trinity Publishing.

Thomson er den eldre broren til Ali Thomson.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dougie Thomson» frå , den 12. juni 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Skotske bassistar Kategori:Supertramp-medlemmar Kategori:Folk frå Glasgow Kategori:The Alan Bown Set-medlemmar