Knockalongy (irsk Cnoc na Loinge, ‘leirplass-åsen’) er ein ås på 544 m (1 785 fot) i County Sligo i Irland. Det er den høgaste toppen i Oxfjella. Den næraste landsbyen er Skreen.
Det finst mange megalittiske gravstader på sletta mellom Knockalongy og Sligo Bay i nord. Der er også to små loughar ved foten av åsen — Lough Aghree og Lough Minnaun.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Knockalongy» frå , den 14. juni 2020.
Kategori:Fjell på Irland Kategori:Sligo