Ibsen-museet i Grimstad vart opna i 1916 som det første museet vigd Henrik Ibsen. Det held til i huset Ibsen budde og arbeidde i då han var hjelpar hjå apotekaren Lars Nielsen.
Ibsen i Grimstad Henrik Ibsen kom til Grimstad i 1843 med jakta «Lykkens Prøve» frå Skien,Per Kristian Heggeland Dahl konkluderer ein lang diskusjon om kva tid Ibsen kom til Grimstad med at: «Den 29. november 1843 fremstår som den sannsynlige dato.» (Dahl 2002, s. 121.) for å bli læregut ved apoteket til Jens Aarup Reimann. I 1846 gjekk Reimann konkurs. Apotektverksemda blei seld og flytta frå Reimannsgården. Denne bygningen husar i dag Grimstad Kunstforening. Den nye eigaren i 1847 blei Lars Nielsen. Ibsen arbeidde for han etter å ha tatt farmasøytisk medhjelpareksamen. Det er hans hus som er gjort om til Ibsen-museum.
Ibsen fekk etterkvart ein trofast vennekrins, og dei samla seg ofte i vaktrommet til apoteket. Han budde i byen til 1850.
mini|venstre|Jens Aarup Reimanns apotek. Foto: Mahlum, 8. september 2006. mini|Ibsenhuset tidleg på 1900-talet.
Historia til museet Museet opna som «Ibsenhuset og Grimstad Bymuseum» den 6. juni 1916, i samband med Grimstad si hundreårsmarkeing som by. Då hadde ein komité arbeidd med tilskipinga sidan 1909. Museet tok over delar av gjenstandsamlinga til Dahlske skole, som var blitt skipa allereie i 1796.
Komiteen hadde opphavleg tenkt å kjøpa Reimannsgården i Storgata, der Ibsen hadde vore læregut frå 1843 til 1847. Under planlegginga kom det fram at også «Catilinahuset», der Ibsen var medhjelpar frå 1847 til 1850, var til sals. Dette blei kjøpt i 1914 for 5000 kroner. Huset blei endra til å få ei utforming meir liknande den som hadde vore på Ibsen si tid.
Det blei samla inn gåver til museet, utstyr som frakk, flosshatt, paraply, blekkhus, briller, duk og fotografi. I tillegg skjenka Sigurd Ibsen inventaret frå Ibsen si spisestove i Kristiania til mseet. Då museet opna hadde det ei blanding av rekonstruert innreiing frå apoteket på Ibsen si tid, og minne frå dei eldre dagane til forfattaren.
Museet formidla også lenge historia til Grimstad by, men i 2006 blei det eit reint Ibsen-museum. Det fekk også sterkare fokus på Ibsen si tid i Grimstad, og sende spisestovemøblementet på lån til Ibsenmuseet i Oslo, der det først hadde stått. Anita Estensen blei dagleg leiar av museet i 2007.
Nettverket «Ibsenmuseene i Norge» Ibsenmuseene i Norge er eit nettverkssamarbeid mellom dei tre Ibsen-musea i Noreg. Henrik Ibsen Museum på Venstøp like utanfor Skien har fokus på barndomsåra til Henrik Ibsen og oppveksten, skulegangen og familietilhøva hans. Ibsenmuseet i Grimstad tek for seg ungdommen, dei første forelskingane og diktardebuten hans, medan Ibsenmuseet i Oslo har ansvar for den gamle, verdskjende diktaren som vende tilbake til Noreg i 1891 etter 27 år i utlandet.
Ibsenmusea er også med i eit samarbeid med andre litterære museum i Norden. Blant anna blir det arrangert årlege seminar som går på rundgang mellom dei ulike aktørane i alle deltakarlanda.
Merknadar
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Ibsen-museet i Grimstad» frå , den 16. juni 2020.
Litteratur Marit Aslaksen: Ibsen i Grimstad / Ibsen in Grimstad. Ibsen-museet i Grimstad. Ibsenhuset og Grimstad bymuseum. Grimstad 2001. ISBN 82-992-9327-8. Joh. K. Bergwitz: Grimstad 1800-1850 som Type paa norsk Smaaby. Med en Indledning: Henrik Ibsens Ophold i Grimstad. Gyldendalske Boghandel nordisk Forlag. Kristiania 1916. Per Kristian Heggelund Dahl: Streiflys. Fem Ibsen-studier. Ibsen-museet. Oslo 2001. ISBN 82-91615-05-5. Christopher Lorentz Due: Erindringer fra Henrik Ibsens Ungdomsaar. Ibsen-Komiteen i Grimstad. København 1909. Erik Henning Edvardsen: «Dikterisk debut» (s. 32-43). Henrik Ibsen om seg selv. Genesis forlag, Oslo 2001. ISBN 82-476-0211-3. Hans Eitrem: Ibsen og Grimstad. H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard). Oslo 1940. Jon Gunnar Jørgensen (red): Henrik Ibsen. Catilina av Brynjolf Bjarme utgitt etter manuskriptet NBO MS.4° 936. Henrik Ibsens skrifter. Gyldendal Norsk Forlag. Oslo 2000. Henrik Jæger: Henrik Ibsen i Grimstad. Skilling-Magazin Nr. 15. Lørdag den 11te April 1891.
Bakgrunnsstoff Grimstad Bys Museer - offisiell nettstad
Kategori:Kunstnarheimar Kategori:Litterære museum Kategori:Museum i Agder Kategori:Henrik Ibsen Kategori:Skipingar i 1916 Kategori:Kulturminne i Grimstad Kategori:Byggverk i Grimstad