«My Kind of Lady» var den andre singelen frå Supertramp-albumet …Famous Last Words… frå 1982. Songen er ein mellomrask kjærleiksballade. Han nådde 16. plassen på den amerikanske Billboard Adult Contemporary-lista og 31. plassen på poplista. Solo- og korvokal var sungen av Davies.

Songen er oppført som skriven av både Rick Davies og Roger Hodgson, men som plateomslaget òg indikerer, så var det Davies som i røynda skreiv songen. På liknande vis som John Lennon og Paul McCartney og Mick Jagger og Keith Richards, delte Davies og Hodgson all låtskrivarkreditering frå 1974 til 1983.

Songen var den siste singelen bandet gav ut med Hodgson i bandet.

Innhald

7"-singel

Salslister Liste (1983)PlasseringDen tyske singellista74US Billboard Pop Singles31US Billboard Adult Contemporary16

Medverkande

Rick Davies – solo- og korvokal, piano Roger Hodgson – gitar Dougie Thomson – bassgitar John Helliwell – barytonsaksofon, altsaksofon, synthesizer Bob Siebenberg – trommer

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «My Kind of Lady» frå , den 16. juni 2020. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Supertramp-songar Kategori:Songar frå 1982 Kategori:Singlar frå 1983 Kategori:Rockeballadar Kategori:Songar skrivne av Rick Davies Kategori:Songar skrivne av Roger Hodgson Kategori:A&M Records-singlar