Dysuri (frå gresk dys-, ‘dårleg’, og ouron, ‘urin’) er ein medisinsk tilstand som inneber sviee, ubehag eller smerte i samband med urinering. Dette er som oftast eit symptom på urinvegsinfeksjon eller nyrebekkenbetennelse. Psykogen dysuri kan til dømes førekoma ved somatoform autonom dysfunksjon.
Dysuri er eit typisk symptom ved infeksjon i urinblære eller urinrøyr. Kvinner kan også oppleva smerte ved vasslating i samband med infeksjonar i underlivet. Menn kan oppleva smerte i samband med betennelse i prostata, prostatitt. Andre blæretilstandar og stein i nedre del av urinleiaren kan også medføra dysuri.
Sjå òg Kronisk interstitiell cystitt
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dysuri» frå , den 18. juni 2020.
Kategori:Smerte Kategori:Unormale funn ved urinundersøking Kategori:Greske ord og uttrykk