mini|Kjøtstykke på storfe. Sirloin tilsvarer ytrefilet.
Ytrefilet er eit kjøtstykke som kjem frå området langs ryggrada på eit dyr, i filetkammen, lengre oppe enn indrefilet. Han blir danna av den breie ryggmuskelen, musculus longissimus dorsi. Ein kan få ytrefilet frå til dømes storfe, svin, får, hjort, elg og reinsdyr. Kvart dyr kan gje to filetar.
Ytrefilet er eit mørt stykke frå storfe, og ei av dei møraste frå svin. Ein ytrefilet er lang og kan skjerast opp i fleire biffstykke.
Sjå òg T-beinsteik
Kjelder
Kategori:Kjøt