mini|Mike Oldfield speler Tubular Bells under opningsseremonien til Sommar-OL 2012 i London. Tubular Bells er debutplata til den engelske multi-instrumentalisten, komponisten og låtskrivaren Mike Oldfield, gjeven ut 25. mai 1973 som det aller første albumet på Virgin Records. Oldfield, som var 19 år gammal då det vart spelt inn, spelte nesten alle instrumenta sjølv på dette stort sett instrumentale albumet.
Albumet fekk stor merksemd i desember 1973 då opningstemaet vart nytta i grøssar-filmen Eksorsisten (1973). Dette førte til auka sal, gjorde Oldfield meir kjend, og spelte ei viktig rolle i veksten til Virgin Group. Albumet låg på topp 10 på UK Albums Chart i eitt år frå mars 1974, og låg ei veke på toppen av lista. Det nådde tredjeplassen på den amerikanske Billboard 200, og toppen av listene i Canada og Australia. Albumet har selt kring 15 millionar eksemplar verda over.
Ein orkesterversjon produsert av David Bedford kom ut i 1975 som The Orchestral Tubular Bells. Oldfield spelte inn tre oppfølgjarar: Tubular Bells II (1992), Tubular Bells III (1998) og The Millennium Bell (1999). I høve 30-årsjubileet til albumet spelte Oldfield inn albumet på nytt som Tubular Bells 2003. Ei re-arrangert utgåve av originalalbumet kom ut i 2009. Oldfield spelte utdrag av albumet under opningsseremonien til Sommar-OL 2012 i London.
Bakgrunn Oldfield lærte seg å spele gitar i tidleg alder, og spelte i viseklubbar med skulevener då han alt var 12-13 år gammal. I tenåra sleit han med problem i familien og kunne rømme frå problema i musikken. Oldfield brukte mange timar kvar dag på rommet sitt, der han spelte gitar og komponerte instrumentale stykke. Han skipa ein kortvarig viseduoe kalla The Sallyangie med storesystera Sally, og då dei gav seg vart han bassist for The Whole World, eit band som vart sett saman av den tidlegare Soft Machine-medlemmen Kevin Ayers. The Whole World spelte inn albumet Shooting at the Moon i Abbey Road Studios over ein periode på fleire månadar i 1970, og den 17 år gamle Oldfield var fascinert over dei mange instrumenta som fanst i studioet, som piano, cembalo, ein Mellotron og ymse perkusjonsinstrument. Då gruppa ikkje hadde innspelingar før om ettermiddagen, kom Oldfield i studio tidleg og brukte timane på morgonen med å eksperimentere med forskjellige instrument og lærte seg å spele på dei.
The Whole World vart oppløyst i midten av 1971 og Ayers gjekk inn i Gong i tre månader som turnémedlem. Medan han var borte lånte han bort ein to-spors Bang & Olufsen Beocord ¼" lydbandopptakar. Oldfield modifiserte opptakaren ved å blokkere bandhovudet på opptakaren - dette gjorde at han kunne spele inn på det eine sporet, flytte det over på det andre sporet, og så spele eit nytt instrument til det første sporet att, og slik legge lag på lag, eitt instrument om gangen. I leilegheita si i Tottenham i Nord-London, spelte Oldfield inn ein demo med fire spor som han hadde hatt i hovudet i nokre år, ved hjelp av denne lydbandopptakaren ved hjelp av gitar, bass, nokre perkusjonsinstrument og eit Farfisa-orgel han lånte frå klaverspelaren i Whole World, David Bedford. Demoane bestod av tre kortare melodiar (tidlege versjonar som kom til å få namna «Peace», «Bagpipe Guitars» og «Caveman» på Tubular Bells 2003-utgåva av albumet), og eit lengre stykke han tidlegare hadde gjeve tittelen «Opus One». Oldfield sa at han var inspirert til å skrive ein lang instrumenta etter å ha høyrt Septober Energy av Centipede. Han var òg inspirert av klassisk musikk, og av den eksperimentelle komponisten Terry Riley og verket hans A Rainbow in Curved Air frå 1969, der Riley spelte alle instrumenta sjølv og brukte lydbandsløyfer og lag på lag med spor for å byggje opp eit langt, gjentakande musikkstykke.
mini|The Manor, der albumet vart spelt inn. Seint i 1971 vart Oldfield med i bandet til Arthur Louis, som spelte inn demoar i The Manor Studio. Studioet vart sett opp i ein tidlegare squashbane i ein gammal herregard i Shipton-on-Cherwell i Oxfordshire, som nyleg var kjøpt av den unge entreprenøren Richard Branson og som vart gjort om til eit heimleg innspelingsstudio drive av Tom Newman og Simon Heyworth. Oldfield var sjenert og sosialt keitete, men vart vener med dei to produsentane etter dei høyrde han spele gitar. Oldfield spurte Newman om han kunne lytte til demoane hans, men desse var framleis attende i Nord-London, så ein av arbeidarane til Louis tilbydde seg å køyre Oldfield til London og attende for å hente dei. Newman og Heyworth laga ein kopi av demoane og lovde Oldfield at dei skulle snakke med Branson og forretningspartnaren hans, Simon Draper, om desse.
Oldfield brukte mykje av 1972 i lag med dei gamle bandkollegaene sine i The Whole World og soloprosjekta deira, og prøvde samstundes å finne eit plateselskap som var interessert i demoane hans. Oldfield møtte EMI, CBS og andre selskap, men alle saman avviste han, og meinte at musikken ikkje var mogeleg å marknadsføre utan vokal. Oldfield var frustrert over dei mange avslaga og mangelen på pengar, og hadde høyrt at Sovjetunionen betalte musikarar for å halde konsertar. I følgje han sjølv leita han på eit tidspunkt gjennom telefonkatalogen etter nummeret til den sovjetiske ambassaden då han vart oppringt av Simon Draper, som inviterte Oldfield til middag med han sjølv og Branson på husbåten til Branson i London. Over middag fortalte Branson at han likte demoane til Oldfield og inviterte Oldfield attende til Manor for å spele inn «Opus One» i løpet av ei veke.
Innspeling Side ein Oldfield spelte inn «Opus One» i løpet av veka han fekk i The Manor i november 1972. Albumert vart spelt inn på ein Ampex 2-tommars 16-sporsopptakar med Dolby støyreduksjonssystem, som var hovudutstyret i The Manor på den tida. For å skape verket sitt spurte Oldfield Virgin om dei kunne leige ymse instrument for han, som gitarar, forskjellige klaverinstrument og perkusjonsinstrument. Oldfield har fortalt forskjellige soger gjennom åra om korleis han inkluderte røyrbjøller (engelsk tubular bells): I ein artikkel om innspelinga av albumet i Q i 2001 sa han at dei var blant instrumenta han spurte Branson om å leige, men i eit intervju i 2013 for Sound on Sound og for ein fjernsynsdokumentar sa han at han såg dei blant instrumenta som vart fjerna frå studioet etter at John Cale var ferdig med innspelinga si der, og spurte om han kunne få låne dei for innspelinga si.
mini|Røyrbjøller (tubular bells) Oldfield spelte dei fleste instrumenta på albumet gjennom å spele dei inn lag på lag, som var ein uvanleg teknikk på den tida. I alt vart det laga 274 overdubbingar. Trass i at det vart oppført forskjellige gitarar på plateomslaget, som «speed guitars», «fuzz guitars» og «guitars sounding like bagpipes» («gitarar som høyrest ut som sekkepiper»), var den eineaste elektriske gitaren nytta på albumet ein kvit Fender Telecaster frå 1966, som tidlegare høyrte til Marc Bolan og som Oldfield hadde lagt til ein ekstra pick-up frå Bill Lawrence. All gitar vart spelt inn direkte plugga inn i miksepulten. For å skape «speed guitar» og «mandolin-aktig gitar», som det står i plateomslaget, vart lydbandet spelt av på halv snøggleik under innspelinga. Ein faktisk mandolin vart berre nytta på det siste sporet, «Sailor's Hornpipe». Oldfield brukte òg ei sjølvskapt effekteining, kalla Glorfindel-boks, for å skape «fuzz-gitarar» og «sekkepipegitarar» på somme stader på albumet. Glorfindel-boksen (ironisk kalla opp etter ein karakter i Tolkien-universet) vart gjeven til David Bedford på ein fest, og han gav han sidan til Oldfield. Tom Newman kritiserte treboksen i eit intervju i 2001 i magasinet Q, og sa at han sjeldan gav det same resultatet to gonger. Gitaren vart lagt ut på auksjon fleire gonger av Bonhams i 2007, 2008 og 2009 estimert til høvesvis 25 000–35 000, 10 000–15 000 og 8 000–12 000 pund før han til slutt vart seld for 6 500 pund – pengane vart donerte til den veldedige organisasjonen SANE. I følgje Phil Newell var bassgitaren nytta på albumet ein av hans Fender Telecaster-bassar.
Den korte «honky tonk-piano»-delen ved 13:48 på side ein vart teken med som ei hyllest til bestemora til Oldfield, som hadde spelt eit slikt piano på pubar før andre verdskrigen. Tilsette ved The Manor utgjorde «det nasale koret» som akkompagnerer partiet.
Vivian Stanshall, eit tidlegare medlem i den komiske rockegruppa Bonzo Dog Doo-Dah Band, skulle bruke The Manor etter Oldfield, og hadde kome der medan Oldfield heldt på med innspelinga av «Opus One». Oldfield var ein fan av måten Stanshall hadde introdusert instrumenta ein etter ein på Bonzo-songen «The Intro and the Outro». Han føreslo for Newman om kanskje Stanshall kunne introdusere instrumenta på liknande måte på den siste delen av «Opus One», og Newman gjekk med på dette. Den sjenerte Oldfield måtte så overtalast av Newman om å gå og spørje Stanhall om han kunne hjelpe han med dette. Stanshall hadde ikkje noko i mot å vere «seremonimeister» på plata, men Newman hugsa at det vart vanskelegare enn venta, fordi Stanshall stadig gløymde namna på instrumenta og introduserte dei på feil tidspunkt. Til slutt skreiv Oldfield ei liste med instrumenta i rett rekkjefølgje, og indikerte kvar Stanshall skulle introdusere dei. Det var måten Stanshall sa «plus... tubular bells» for å introdusere det siste instrumentet i finalen, som gav Oldfield ideen om å kalle heile albumet Tubular Bells.
Å få skapt den lyden Oldfield ønskte frå røyrbjøllene var problematisk. Han ønskte ein høg lyd frå dei, men ingen av dei faste metodane skapte det volumet han ønskte. Til slutt fekk Newman tak i ein tyngre klohammar og Oldfield brukte denne til å skape ein intens lyd, men bjøllene sprakk i prosessen.
Side to Då del ein av Tubular Bells var blitt spelt inn, fekk Oldfield lov å bli verande i The Manor for å spele inn fleire lydspor medan studioet ikkje var i bruk. Han var jula og nyårshelga heime hos familien, men var elles i The Manor frå februar til april 1973 for å spele inn den andre delen av albumet.Lemieux (2014). p. 21. Branson hadde vitja Midem musikkonferanse i Cannes i januar 1973 og synt Part One til forskjellige plateselskap med same resultat som Oldfield sjølv hadde fått. Så på denne tida byrja Branson og Draper planar om å skape sitt eige plateselskap, og gje ut Tubular Bells som den første utgjevinga. Oldfield fekk ikkje studiotida han hadde fått for Del 1, så Del 2 vart spelt inn i løpet av tre månader då studioet ikkje var i bruk. Oldfield har sagt at han alt hadde Del 2 klarlagd og klar til å spelast inn.
«Holebuar»-seksjonen i Del 2 var den einaste delen av albumet med trommer (spelt av Edgar Broughton Band-trommisen Steve Broughton), som Oldfield seinare sa gjorde seksjonen «forholdsvis normal». Seksjonen byrja med eit akkompagnement av bass og trommer, der Oldfield elles spelte alle dei andre instrumenta. Skrikesekvensen vart utvikla nær slutten av innspelinga, då nesten alt anna var ferdiginnspelt. Dei kjende derimot at dei måtte ha noko meir. Lydteknikaren Simon Heyworth hugsa at Branson var byrja å bli utolmodig og la press på Oldfield for å få levert albumet, og om å leggje på vokal på eit av partia, slik at han kunne gje det ut på ein singel. Oldfield vart sint på forslaget til Branson og svarte, «Vil du ha tekst!? Eg skal gje deg tekst!». Attende i The Manor drakk han ei halv flaske Jameson's whiskey frå kjellaren i studioet og kravde at lydteknikaren skulle ta han til studioder, der han i fylla «skreik og skreik i ti minutt» inn i ein mikrofon, og vart så hes at han ikkje kunne snakke i to veker etterpå. Lydteknikaren køyrde lydbandet på høgare snøggleik under innspelinga, slik at avspelinga på normal snøggleikgjorde vokalopptaket mørkare. Dette vart i plateomslaget oppført som «Piltdown Man»-vokal.