mini|Champ Champ (irsk brúitín) er ein irsk matrett laga av potetstappe blanda med hakka vårlauk og smør, mjølk og eventuelt salt og pepar. Fram til 1900-talet kunne ein også laga retten med brennesle, men dette er blitt lite vanleg no.

Champ likner ein annan irsk rett, colcannon, som bruker kvitkål eller grønkål i staden for vårlauk. Champ er utbreidd i Ulster medan colcannon er meir utbreidd i dei andre irske provinsane.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Champ (food)» frå , den 30. juni 2020.

Kategori:Irsk mat Kategori:Potetretter