Giovanni Evangelisti () er ein italiensk tidlegare lengdehoppar frå Rimini. Han vann bronsemedaljen i øvinga under Sommar-OL 1984 og i EM 1986. Evangelisti vert elles hugsa for arrangørskandalen ved verdsmeisterskapen 1987 i Roma.

Aktiv I 1983-sesongen hoppa Evangelisti over 8 meter for fyrste gong, med 8,09 meter som best. Året etter forbetra han den personlege rekorden til 8,24 meter under OL-finalen i Los Angeles. Dermed vann han bronsemedaljen då einast Carl Lewis og Gary Honey hoppa lenger. I 1986 kneip han bronsen med ein centimeters margin til fjerdemann.

Dane 16. mai 1987 forbetra Evangelisti den italienske lengdehopprekorden til 8,43 meter i eit stemne San Giovanni Valdarno i Toscana, ein rekord som gjaldt til Andrew Howe i 2007 hoppa 8,47 m. Under VM i friidrett på italiensk heimebane nokre månader etterpå, låg Evangelisti på fjerdeplass før siste finaleomgang. Han siste hopp vart målt til 8,37 m, dermed kleiv han forbi Larry Myricks frå USA på resultatlista og vart tildelt bronsemedaljen. Ei tid etter meisterskapen kom det opp at arrangørane juksa med målinga, så ni månader etter verdsmeisterskapen måtte Evangelisti gje frå seg medaljen til Myricks. Dermed vart han fjerdemann i tevlinga, noko han også vart under Sommar-OL 1988, som sist bak Myricks på tredjeplass.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1982 i Aten: Nr 6 – 7,89 m VM 1983 i Helsinki: Utslått i kvalifiseringa (7,70 m=nr 19) OL 1984 i Los Angeles: Bronsemedalje – 8,24 m EM 1986 i Stuttgart: Bronsemedalje – 7,92 m VM 1987 i Roma: Nr 4 – 8,19 m OL 1988 i Seoul: Nr 4 – 8,08 m EM 1990 i Split: Nr 7 – 7,93 m VM 1991 i Tokyo: Nr 7 – 8,01 m EM 1994 i Helsinki: Utslått i kvalifiseringa (7,80 m=nr 13)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Giovanni Evangelisti» frå , den 1. juli 2020.

Denne artikkelen bygger på «Giovanni Evangelisti» frå , den 1. juli 2020.

World Athletics

Kategori:Italienske lengdehopparar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Italia Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1984 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992