Enezenaide do Rosario da Vera Cruz Gomes (), kjend som Naide Gomes, er ein tidlegare friidrettsutøvar frå São Tomé og Príncipe som frå 2001 representerte Portugal. Ho vann EM-sølv i lengdehopp i 2006 og 2010. I hallmeisterskap sikra ho seg to EM-gull og eitt VM-gull i lengdehopp og eitt EM-gull i femkamp.

Aktiv Gomes deltok for São Tomé og Príncipe ved OL 2000, rauk då ut i forsøket på 100 meter hekk.

Frå 2001 var Gomes portugisisk statsborgar. Våren 2002 vart ho nummer to i femkampen ved hall-EM, på plassen bak russiske Jelena Prokhorova og plassen føre svenske Carolina Klüft. I 2004 gjekk Gomes til topps i femkampen i hall-EM med 4 794 poeng og personbeste. Året etter sigra ho i lengdetevlinga ved hall-EM 2005 med 6,70 meter.

Ved europameisterskapen vann Gomes sølv med 6,84, 9 cm kortare enn russiske Ljudmila Koltsjanova. I hall-EM 2007 i Birmingham toppa Gomes tevlinga med eit hopp på 6,89 m. 21. juli 2007 hoppa ho i Madrid for fyrste gong 7 meter, målt til 7,01 m. Ved verdsmeisterskapen 2007 i Osaka låg Gomes etter fem omgangar på andreplass med bak Tatjana Lebedeva. I siste omgang hoppa Ljudmila Koltsjanova og Tatjana Kotova lenger enn Gomes og ho vart nummer 4.

Ved hall-VM 2008 i Valencia vann Gomes med eit bestehopp på 7,00 m. Under eit stemne i Stockholm 22. juli 2008 forbetra ho landsrekorden sin til 7,04 m, ein rekord ho sju dagar seinare flytta til 7,12 meter i Monaco. I OL 2008 lukkast ho derimot ikkje kvalifisere seg til finalen. I Berlin-VM 2009 enda ho med 6,77 m på fjerdeplass, tre centimeter unna bronsemedaljøren.

Under europameisterskapen 2010 i Barcelona hoppa både Gomes og latviske Ineta Radēviča 6,92 m og lengst i tevlinga. Radēviča vann gullmedaljen då ho hadde eit mykje lengre nestbestehopp enn Gomes.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2000 i Sydney: Utslått i forsøket på 100 m EM 2002 i München: Nr 10 i lengdehopp og 18 i sjukamp OL 2004 i Aten: Nr 13 i sjukamp – 6 151 poeng VM 2005 i Helsinki: Nr 7 i sjukamp – 6 189 poeng EM 2006 i Göteborg: Sølvmedalje i lengdehopp – 6,84 m, bakom Ljudmila Koltsjanova (6,93 m) VM 2007 i Osaka: Nr 4 i lengdehopp – 6,87 m OL 2008 i Beijing: Utslått i kvalifiseringa i lengdehopp VM 2009 i Berlin: Nr 4 i lengdehopp – 6,77 m EM 2010 i Barcelona: Sølvmedalje i lengdehopp – 6,92 m, bakom Ineta Radēviča (6,92 m) VM 2011 i Daegu: Nr 10 i lengdehopp – 6,26 m

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Naide Gomes» frå , den 4. juli 2020. Denne artikkelen bygger på «Naide Gomes» frå , den 4. juli 2020.

World Athletics

Kategori:Portugisiske friidrettsutøvarar Kategori:Lengdehopparar Kategori:Mangekjemparar Kategori:Hekkeløparar Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Portugisiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Portugisiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008