Voyager er det 17. studioalbumet til den engelske musikaren Mike Oldfield, gjeve ut i 1996 av Warner Music UK. Musikken på albumet har eit keltisk tema med nye komposisjonar blanda med tradisjonell musikk.
Bakgrunn Albumet var det siste av tre opphavlege albuma i avtalen Oldfield signerte med Warner etter han forlet Virgin. Oldfield vart verande hos Warner fram til 2003, der det siste albumet hans for selskapet var Tubular Bells 2003.
I eit intervju frå tida, hevda Oldfield at albumet var eit av dei kjappaste han skapte, kring ein og ein halv månad, og hevda òg at han komponerte og spelte inn somme songar på ein morgon.
Keltisk musikk Albumet består hovudsakleg av keltisk musikk. Albumet var opphavleg spelt inn med berre akustiske, handspelte instrument. Etter at dottera til ein sjef i Warner Music sa det høyrtest keisamt ut, la Oldfield til synthesizer og andre instrument.
«The Hero» er ein skotsk stykke som opphavleg var skriven av James Scott Skinner i 1903, som «Hector the Hero». «She Moves Through the Fair» er ein tradisjonell, irsk song, der melodien vart blitt nytt av Simple Minds på «Belfast Child» i 1989. «Women of Ireland», er oppført som ein tradisjonell song, men er ikkje det. Hovudtemaet er ein melodi skriven av den irske komponisten Seán Ó Riada for diktet «Mná na hÉireann», skriven av Peadar Ó Doirnín. Utgåva til Oldfield brukte òg ein interpolasjon frå den fjerde satsen (Sarabande) av George Frideric Handel sin klaversuite i d-moll, som vart populær etter han vart brukt av Stanley Kubrick i filmen Barry Lyndon i 1975, der melodien til Ó Riada er med. «Dark Island» er ein skotsk instrumental og song. Originalmusikken var skriven av Iain Maclachlan som «Dr. Mackay's Farewell to Creagorry» i 1958. Seinare vart han nytta som kjenningsmelodi for TV-serien på BBC i 1992 og gjeve namn etter serien. Ein tekst vart sidan skriven av David Silver i 1963. Ein annan tekst sett til same melodi i 1963 var skriven av Stewart Ross. «Flowers of the Forest» er ein tradisjonell, skotsk song, ein sørgjesong for nederlaget i Flodden i 1513. «The Song of the Sun» er komponert av Bieito Romero frå det keltiske bandet Luar na Lubre. Den originale tittelen er «O son do ar».
«Mont Saint-Michel», eit stykke på albumet av Oldfield, syner til ei tidvassøy i Frankrike.
Singlar Singlane «The Voyager» og «The Song of the Sun» vart gjeve ut i høvesvis Tyskland og Spania, og kom i 1996. Utgåva av «Women of Ireland» kom ut på singel i 1997.
Samplingar Songen «Celtic Rain» vart sampla i 2008 av Snoop Dogg på songen «Why Did You Leave Me» på albumet Ego Trippin'.
Innhald
Salslister Liste (1996)PlasseringDen danske albumlista (Hitlisten)16
Salstrofé og salstal
Medverkande Mike Oldfield - gitar, produsent, lydteknikar Máire Breatnach – fele London Voices – korvokal Noel Eccles – perkusjon Liam O'Flynn – Uilleann pipes Highland Pipers – Chris Apps, Roger Huth, Ian Macey, Bob MacIntosh Seán Keane – fele London Symphony Orchestra Matt Molloy – fløyte, tinnfløyte John Myers – tinnfløyte, fele David Spillane – Uilleann pipes, låg fløyte Pat Walsh - ekstra musikar Gregg Jackman – assisterande lydteknikar Tom Newman – assisterande lydteknikar Richard Barrie – teknisk lydteknikar Robin Smith – arrangement og dirigent (spor 10) Henry Jackman – ekstra programmering
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Voyager (Mike Oldfield album)» frå , den 4. juli 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Mike Oldfield-album Kategori:Musikkalbum frå 1996 Kategori:Warner Music Group-album Kategori:Reprise Records-album