Music of the Spheres er det 23. studioalbumet til den engelske musikaren Mike Oldfield, gjeve ut i Storbritannia den 17. mars 2008. Albumet var det andre Oldfield gav ut på Mercury Records og det første med klassisk musikk, basert på konseptet om ein himmelsk sfæreharmoni.

Den newzealandske sopranen Hayley Westenra syng på «On My Heart» og den kinesiske pianisten Lang Lang spelar på seks spor.

Music of the Spheres vart nominert til ein Brit Award for klassisk musikk i 2009.

Innspeling I starten var albumet skriven med elektroniske element, som det førre albumet hans, Light & Shade, men etter kvart som albumet utvikla seg, vart det eit orkesterstykke. Singelen «Spheres» er frå det tidlege stadiet av albumet. Oldfield skreiv mykje av musikken i noteprogrammet Sibelius på ein Apple Macintosh. Oldfield skreiv i datamagasinet MacFormat at det var tidkrevande å skrive orkestermusikken for albumet på denne måten, fordi MIDI-timinga og snøggleikane varierte så mykje.

Albumet vart spelt inn med fullt orkester i Abbey Road Studios med Karl Jenkins som dirigent.

Utgjeving Utgjevinga av albumet vart forseinka fleire gonger. Albumet var meint å bli det første albumet med klassisk musikk som vart gjeven ut på ein USB-minnepenn, men den ideen vart skrinlagd. Albumet kom òg ut med bonusspor på iTunes.

Music of the Spheres gjekk til topps på den britiske albumlista for klassisk musikk og nådde niandeplassen på den vanlege, britiske albumlista, og vart dermed det mest suksessrike albumet til Oldfield på 2000-talet. Albumet selde til sølvplate i Storbritannia.

Innhald

Standard studioutgåve

Live frå Bilbao

iTunes-utgåve

iTunes-utgåva inneheld Music of the Spheres, Music of the Spheres – Live from Bilbao og intervju.

Medverkande Mike Oldfield – klassisk gitar, produsent og miksing Hayley Westenra – vokal Lang Lang – piano på spor 1, 2, 3, 5, 6 og 9. Karl Jenkins – orkestrering, dirigent og produsent Sinfonia Sfera Orchestra

Orkester Sinfonia Sfera Orchestra:

Andre medverkande Miles Showell – Mastering at Metropolis Mastering, London Simon Rhodes – lydteknikar Rupert Christie – Assistant Produsent Richard King – lydteknikar

Salslister Liste (2008)PlasseringHellas23Irske klassisk albumliste2UK Classical Chart1US Billboard Top Classical Crossover Albums10

Salstrofé

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Music Of The Spheres (Mike Oldfield album)» frå , den 5. juli 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Mike Oldfield-album Kategori:Musikkalbum frå 2008 Kategori:Mercury Records-album Kategori:Universal Classics and Jazz-album Kategori:Album spelte inn i Abbey Road Studios