Haifa (hebraisk skrift , arabisk حيفا) er den største byen nord i Israel, og den tredje største i landet, med eit folketal på over 272 181. Kring 300 000 til bur i mindre byar like nær Haifa, som Daliyat al-Karmel, Krayot, Nesher, Tirat Carmel og somme kibbutzar. I lag dannar desse områda eit samanhengande urbant område med nesten 600 000 innbyggjarar, som utgjer den indre kjernen i Haifa storbyområde. Her ligg òg Bahá'í verdssenter, ein verdsarvstad.
Byen ligg i fjellsida av Karmelberget og har ei historie som går attende meir enn 3 000 år. Den første kjende busetnaden i nærleiken var Tell Abu Hawam, ein liten hamneby seint i bronsealderen (1300-talet fvt.).Encyclopedia Judaica, Haifa, Keter Publishing, Jerusalem, 1972, vol. 7, pp. 1134-1139 På 200-talet evt. var Haifa kjend som eit senter for produksjon av fargestoff. Gjennom hundreåra har forskjellige folk herska over byen, frå fønikarane, persarane, hasmonearane, romarane, austromarrane, arabarane, krossfararane, osmanarane, britane til israelarane. Frå opprettinga av Staten Israel i 1948 har byen vore styrt av Haifa kommune.
I dag er byen ein viktig hamneby ved kysten av Middelhavet i Haifabukta. Han ligg kring 90 km nord for Tel Aviv og er eit stort regionssenter i det nordlege Israel. To akademiske institusjonar, Universitetet i Haifa og Technion, ligg i Haifa, i tillegg til den største k-12-skulen i Israel. Byen spelar ei viktig rolle i israelsk økonomi. Han er heimstaden til Matam, ein av dei eldste og største høgteknologiparkane i landet. Haifabukta er eit senter for tungindustri, petroleumsraffinering og kjemikalsk prosessering. Haifa var tidlegare den vestlege enden av ei oljerøyrleidning frå Irak via Jordan.
Etymologi mini|Vest-Haifa frå lufta. Det første namnet som er nemnt for ein busetnad innafor dagens Haifa var ein by kalla Sycaminum. Tel Shikmona med den hebraiske tydinga «fikenhaugen» (arabisk Tell el-Semak eller Tell es-Samak, som tyder «fiskehaugen») bevarte og omforma det gamle namnet og dette er nemnt i Mishnah (skriven kring 200 evt.)
Namnet Efa dukka først opp under styret til romarane, ein gong på 100-talet evt, då ei romersk festning og ein liten jødisk busetnad vart grunnlagd ikkje langt frå Tell es-Samak. Haifa er òg nemnt meir enn 100 gonger i Talmud, ei sentral bok i jødedomen.
Hefa eller Hepha i Onomasticon (Onom. 108, 31) av Eusebius av Caesarea på 300-talet, er sagt å vere eit anna namn for Sycaminus. Dette vert forklart av Moshe Sharon som skriv om to busetnader, som han kalla Haifa-Sycaminon, som gradvis voks inn i kvarandre, og vart ein tvilling by som på gresk vart kalla Sycaminon eller Sycaminos Polis.
På 500-talet er Porphyreon eller Porphyrea nemnt i skriveria til Vilhelm av Tyr, og sjølv om han låg i området som i dag er dekt av moderne Haifa, var det ein busetnad som låg sør for Haifa-Sycaminon.
Etter den arabiske erobringa på 600-talet, vart namnet Haifa nytta om ein stad på Tell es-Samak der ruinane av Sycaminon (Shiqmona) då låg. Haifa (eller Haifah) er nemnt på midten av 1000-talet av den persiske historikaren Nasir Khusraw, og på 1100- og 1200-talet av dei arabiske historikarane Muhammad al-Idrisi og Yaqut al-Hamawi.
Krossfararane, som erobra Haifa for ein kort periode på 1100-talet, kalla han Kaifas, og namnet er trudd å vere knytt til Kefas, det greske namnet på Simon Peter. Eusebius er sagt å ha referert til Hefa som Caiaphas civitas, og Benjamin av Tudela, ein jødisk reisande og historikar på 1100-talet, skreiv at byen vart grunnlagd av Kaiafas, den jødiske høgstepresten då Jesus levde.
Andre stavingar har vore Caipha, Kaipha, Caiffa, Kaiffa og Khaifa.
Haifa al-'Atiqa (arabisk «Gamle Haifa») er eit anna namn nytta av lokale om Tell es-Samak, sidan det var her Haifa låg då han var ei grend med 250 innbyggjarar, før han vart flytta i 1764-5 til ein ny festningsforsterka stad grunnlagd av Daher el-Omar 2 km mot aust. Den nye landsbyen, som dannar kjernen i det moderne Haifa, heitte opphavleg al-imara al-jadida (arabisk for «det nye byggverket»), men lokale kalla han Haifa al-Jadida (arabisk «Nye Haifa») først og sidan berre Haifa. Tidleg på 1900-talet vart Haifa al 'Atiqa folkesett på ny av hovudsakleg arabiske kristne, etter kvart som Haifa utvida seg ut frå det nye senteret.Seikaly, 2002, p. 65.
Det endelege opphavet til namnet Haifa er framleis uklårt. Ein teori er at det kjem frå namnet til høgstepresten Kaifas. Somme kristne meiner han vart kalla opp etter St. Peter, som på arameisk heiter Keifah. Ein annan teori er at det kan kome frå den hebraiske verbrota חפה (hafa), som tyder dekke eller verne, t.d. slik Karmelberget dekkjer Haifa; medan andre peikar på eit mogeleg opphav i det hebraiske ordet חוֹף (hof), som tyder kyst, eller חוֹף יָפֶה (hof yafe), som tyder vakker kyst.
Historie mini|Krukker grave ut i Tell Abu Hawam.
Tidleg historie Ein liten hamneby som i dag vert kalla Tell Abu Hawam vart grunnlagd seint i bronsealderen (1300-talet fvt.). På 500-talet fvt. skreiv den greske geografen Skylax at byen låg mellom bukta og Zevsneset (Karmel), som kan ha vore ein referanse til Shikmona, ein stad i Haifaområdet, under persarane. I hellenistisk tid hadde byen blitt flytta til ein ny stad lenger sør som i dag vert kalla Bat Galim, fordi hamna var blitt blokkert av sand. Kring 200-talet evt. vart byen først nemnt i Talmud-litteratur, som ein jødisk fiskelandsby og heimstaden til rabbinaren Avdimi og andre jødiske lærde. Ein gresktalande folkesetnad budde langs kysten på denne tida og dreiv med handel.Haifa, The Guide to Israel, Zev Vilnay, Jerusalem, 1970, p.382
Haifa låg nær byen Shikmona, som var eit senter for produksjon av den tradisjonelle Tekhelet-fargen som vart nytta i kleda til øvsteprestane i Tempelet. Den arkeologiske staden Shikmona ligg sørvest for Bat Galim. Karmelberget og Kishonelva er òg nemnde i Bibelen.1. Kongebok 19:9 Ei grotte på toppen av Karmelberget vert kalla Eliasgrotta, og er tradisjonelt knytt til profeten Elias og læresveinen hans Elisa. På arabisk heiter den høgaste toppen på Karmelberget Muhraka, eller «den brennande staden», og syner attende til ofringane som vart brend her i kanaanittisk og tidleg israelittisk tid.
Ein trur den tidlege Haifa dekte området der Rambam sjukehus og den jødiske gravlunden på Yafo-gata ligg i dag. Innbyggjarane levde av fiske og jordbruk.
Under austromersk styre heldt Haifa fram å vokse, men var ikkje ein viktig stad. Etter den arabiske erobringa av Palestina i 630- og 640-åra, vart Haifa i stor grad oversett til fordel for hamnebyen Akko. Under Rashidun-kalifatet byrja Haifa å bløme. På 800-talet under Omajjade- og Abbaside-kalifatet oppretta Haifa handelssamband med egyptiske hamnebyar og byen hadde fleire skipsverft. Innbyggjarane, som var arabarar og jødar, dreiv med handel. Glassproduksjon og fargemaking frå havskjel var den mest lukrative industrien i byen.
Krossfarar, ajjubidane og mamelukkane mini|Karmelfjellet før 1899 Velstanden enda i 1100, då Haifa vart kringsett og utsett for ein blokade av krossfararane og så erobra etter ein hard kamp mot dei jødiske og muslimske innbyggjarane. Under krossfarane vart Haifa redusert til ein liten fiske- og jordbrukslandsby. Han var ein del av Fyrstedømet Galilea i Kongedømet Jerusalem. Etter sigeren slaget ved Hattin erobra ajjubidehæren til Saladin Haifa i midten av juli 1187.Lane-Poole, 1906, p.219. Krossfararane under Richard Løvehjarte tok attende Haifa i 1191.Lane-Poole, 1906, p.309. Karmelittane grunnla ei kyrkj på Karmelfjellet på 1100-talet. Under muslimsk styre vart bygningen omgjort til ein moské, og seinare eit hospital. På 1800-talet vart det restaurert til eit karmelittkloster over ei grotte knytt til profeten Elias.
Krossfararborga i byen vart øydelagd i 1187 av Saladin. I 1265 kapra armeen til the mamelukken Baibars Haifa og øydela festningsverka, som var bygd opp att av kong Ludvig IX av Frankrike, i tillegg til dei fleste husa, for å hindre at dei europeiske krossfararane kom attende. Gjennom det meste av styret til mamelukkane frå 1200- til 1500-talet, var byen i ruinar. Ein har lite informasjon om byen i denne tida. På 1300-talet, under mamelukkane, skreiv al-Idrisi at Haifa tente som hamna til Tiberias og hadde ei fin hamn med ankerplass for galeiar og andre fartøy.
Osmansk tid mini|Haifa i 1911, som sett frå Karmelberget. I 1596 var Haifa oppført i osmanske skattelister som ein del av Sahil Atlit nahiya i Lajjun liwa. Han hadde då 32 muslimske hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven og geiter eller bikubar.
Haifa var ei grend på 250 innbyggjarar i 1764-1765. Han låg ved Tell el-Semak, der Sycaminum hadde lege i antikken. I 1761 flytta Daher el-Omar, den arabiske herskaren i Akko og Galilea, folkesetnaden til ein ny festningsforsterka stad, 2 km mot aust, og la den gamle staden aude.Haifa i Late osmanske Period, 1864-1914: A Muslim Town in Transition By Mahmud Yazbak BRILL, 1998, ISBN 90-04-11051-8 p 14 Dette var starte på den moderne byen og den plasseringa som byen har i dag. Etter al-Omar døydde i 1775 vart byen verande under osmansk styre fram til 1918, med unntak av to korte periodar.
I 1799 erobra Napoleon Bonaparte Haifa under det mislukka forsøket hans på å erobre Palestina og Syria, men måtte raskt trekkje seg attende. Då han trekte seg ut raserte han festningsverka i «Kaïffa» (som namnet vart skriven på den tida) i lag med festningsverka i Gaza, Jaffa og Akko.
venstre|mini|Den tyske kolonien på 1800-talet.
Mellom 1831 og 1840 styrte den egyptiske statthaldaren Muhammad Ali Haifa, etter sonen hans Ibrahim Pasha hadde rive til seg kontrollen frå osmanarane. Då den egyptiske okkupasjonen enda og Akko vart mindre viktig, blømde Haifa.
Då dei tyske tempelriddarane kom til byen i 1868, slo dei seg ned i det som vart kalla Den tyske kolonien i Haifa, og dette vart eit vendepunkt i utviklinga til Haifa. Dei bygde og dreiv eit dampbasert kraftverk, starta fabrikkar og transporttenester til Akko, Nasaret og Tiberias, og spelte ei viktig rolle i moderniseringa av byen.
Dei første europeiske jødane kom til byen mot slutten av 1800-talet frå Romania. Central Jewish Colonisation Society i Romania kjøpte over 4 kvadratkilometer land nær Haifa. Sidan dei jødiske nybyggjarane hadde budd i byar, leigde dei inn tidlegare fellahin-forpaktarar for å lære dei jordbruk.Oliphant, Laurence. (1886) Haifa, or Life in Modern Palestine Adamant Media Corporation pp 11-12
mini|Báb-heilagdomen og Bahá'í-hagane på Karmelberget. I 1909 vart Haifa viktig for Bahá'í-trua då leivningane til Báb, som grunnla Bábí-trua og forløparen til Bahá'u'lláh i bahai-trua, vart flytta frå Akko til Haifa og lagt i eit skrin på Karmelberget. Bahaitruande reknar heilagdomen som den nest heilagaste staden på joda etter Bahá'u'lláh-heilagdomen i Akko. Den nøyaktige plasseringa på Karmelberget vart synt av Bahá'u'lláh sjølv for den eldste songen hans, `Abdu'l-Bahá, i 1891. `Abdu'l-Bahá planla byggverket, som vart teikna og bygd ferdig fleire år seinare av barnebarnet, Shoghi Effendi. I eit separat rom, vart leivningane til `Abdu'l-Bahá gravlagd i november 1921.
Ei grein av Hejaz-banen, kjend som Jezreeldal-banen, vart bygd mellom 1903 og 1905. Dette førte til rask vekst for Haifa, som vart eit bysentrum (nahiya) under Akka sanjak i Beyrut eyalet mot slutten av det osmanske styret. Technion teknologiinstitutt vart grunnlagd på denne tida, i 1912.
Det britiske mandatet mini|venstre|Haifa i 1930.