Thief er det femtande albumet og det andre filmmusikkalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream, gjeve ut i mars 1981. Det er eit filmmusikkalbum i 1981 for den amerikanske neo-noir krimfilmen Thief, regissert av Michael Mann. Albumet nådde 43. plassen på UK Albums Chart og låge inne på lista i tre veker.
«Beach Theme» og «Beach Scene» er to forskjellige miksar av same stykket. Albumversjonen av «Dr. Destructo» er ganske annleis enn filmversjonen. Ein lengre versjon av «Dr. Destructo» kom ut på singel. «Igneous» er ein miks av «Thru Metamorphic Rocks» frå albumet Force Majeure frå 1979. Verken «Beach Theme» eller «Trap Feeling» er i filmen.
Etter Tangerine Dream var ferdig med albumet, trengde Mann enno ein sekvens. Då Tangerine Dream var på turné, komponerte og framførte Craig Safan «Confrontation». Den originale plata kom ut i USA med «Confrontation», men seinare utgåver kom med «Beach Scene» i staden for.
I 1980-åra brukte fjernsynsstasjonen CITY-DT i Toronto «Scrap Yard» som bakgrunnsmusikk når dei hadde tekniske feil.
Filmmusikken vart kåra til verste filmmusikk under Golden Raspberry Awards.
Versjonar Det finst for tida to versjonar av albumet med forskjellig sporliste og omslag. Versjon A har teksten 'Original Motion Picture Soundtrack' over tittelen etterfølgd av teksten 'James Caan' under. Teksten 'Composed and Performed by Tangerine Dream', står nedst. Versjon B har berre «Tangerine Dream» over tittelen.
I 2004 gav Wounded Bird Records ut versjon B med «Confrontation»; men det var to feiltrykkingar, ein med sporlista til versjon A, og ein med «Igneous» fjerna i staden for «Beach Scene». Alle hadde sporlista for versjon B på CD-en og omslaget
I 2014 gav Perseverance Records ut ei ommastra utgåve med ni spor som inneheldt både «Beach Scene» og «Confrontation», og dermed retta feilen frå dei førre utgåvene, der desse spora aldri var på same plate.
Innhald
Medverkande Edgar Froese – gitar, klaverinstrument, elektronisk utstyr Christopher Franke – synthesizer, elektronisk utstyr, elektronisk perkusjon Johannes Schmoelling – klaverinstrument, elektronisk utstyr Klaus Krieger – perkusjon på «Igneous» (spelt inn 1978) Craig Safan – komponist og artist på «Confrontation»
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Thief (soundtrack)» frå , den 9. juli 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Filmmusikkalbum frå 1981 Kategori:Filmmusikkalbum av Tangerine Dream Kategori:Virgin Records-album