Firestarter er det 22. albumet og femte filmmusikkalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream. Albumet inneheld musikk for filmen Firestarter, basert på ein roman av Stephen King, med Drew Barrymore, Heather Locklear og Martin Sheen i rollene. I følgje regissøren Mark L. Lester, såg aldri Tangerine Dream filmen. Dei sendte han noko musikk og han kunne velje ut det han sjølv likte.

Midten av 80-åra var særskild produktive for Tangerine Dream, som spelte inn fleire filmmusikkalbum. Alle dei tre bandmedlemmane brukte inntektene frå desse oppdraga på sine eigne studio. Edgar Froese fortalte: «Eg såg meg om etter filmar me kunne lage musikk til for å få ting på gli, sidan eit studio kostar mykje pengar. Målet var at kvart medlem i bandet skulle ha sitt eige studio for å kunne arbeide sjølvstendig og førebu ting. Om me berre hadde eitt studio og eitt medlem skulle arbeide eller prøve ut noko på eiga hand, så måtte me andre berre sitje og vente.»

Innhald

Medverkande Edgar Froese – klaverinstrument, elektronisk utstyr, gitar Christopher Franke – synthesizer, elektronisk utstyr, elektronisk perkusjon Johannes Schmoelling – klaverinstrument, elektronisk utstyr

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Firestarter (1983 film)» frå , den 10. juli 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Filmmusikkalbum frå 1983 Kategori:Filmmusikkalbum av Tangerine Dream Kategori:MCA Records-album