mini|Feriehus i Hof Limbeck. mini|Frå eit agriturismehus i Montepulciano. mini|Ysting kan vera del av agriturisme. Her frå Lesachtal i Austerrike.

Agriturisme eller agroturisme er ei form for turisme der folk vitjer gardsbruk av ulike slag. Agroturisme har ulike definisjonar i ulike land. I Italia vert omgrepet agroturismo brukt hovudsakleg for gardsopphald, medan i andre land kan det omfatta ei rekkje aktivitetar som å hjelpe til med gardsdrift. Det er fyrst og fremst fem typar aktivitetar som kan reknast som agroturisme: direkte produktutsal, landbruksundervisning (ta imot skuleelevar og små grupper), overnatting, friluftsaktivitetar og underhalding.

Agroturisme er ein slags nisjeturisme som er i framgang i mange delar av verda. Agroturisme har blant anna som mål å fremje lokal kunnskap og berekraftig landbruk.

Merksemd Folk er i aukande grad interesserte i å vite kvar maten deira kjem frå og ynskjer å treffe bøndene og produsentane og forstå korleis varene vert produserte. For mange urbane innbyggjarar, særskilt born, er slike besøk det fyrste høvet dei har til å sjå kvar maten deira kjem frå og at dei er i kontakt anten med mjølkekyr eller ser korleis korn, grønsaker eller frukt vert dyrka.

Samstundes er denne typen turisme ein måte for bøndene å diversifisere aktivitetane sine og garantere fleire kjelder for inntekt. Agroturisme hjelper også bøndene å trekkje publikum si merksemd og forståing om landbruk, og å fremje produkta sine.

Økonomiske gevinstar Agroturisme er ofte blitt naudsynt for at små bønder skal klare seg økonomisk. Ved å diversifisere aktivitetane sine får dei meir stabile inntekt. Dette er særskilt viktig når gardsdrifta ikkje bringer inntekt, som på vinteren. Ulike studiar har synt at agroturisme ofte påverkar lokale samfunn på ein positiv måte. Ved å tiltrekkje turistar i områda det gjeld vert den lokale økonomien stimulert. Dette er særleg viktig for rurale område som treng fleire kjelder for inntekt.

Agroturisme i ulike land

Noreg

I Noreg er agriturismen organisert av Hanen og NBG. Dette er bransje- og marknadsorganisasjonar for verksemder innan bygdeturisme og gardsmat. I Noreg fanst det tidlegare to organisasjonar som arbeidde med agriturisme: Norsk Bygdeturisme og Norsk Gardsmat. I 2004 vart organisasjonane slåtte saman under namnet Norsk Bygdeturisme og Gardsmat (NBG).

Hanen har 400 medlemar over heile landet fordelt i 12 regionlag. Hanen samarbeider med Statens vegvesen om vegskiltsymbolet 650.40 for «Gardsmat/bygdeturisme», den sokalla «Veghanen».

Latvia Latvia er ein populær destinasjon for utanlandske turistar. Det finst mange tilbod om gardsturar der turistane får lære om korleis varene som vert brukte i den latviske mattradisjonen, som til dømes opplagd mjølk, bokkveite, tindved, karveost, rugbrød og øl, vert laga. Samstundes held desse gardane på å bli populære stadar for å promotere og lære om tradisjonell latvisk kost.

Italia Agroturismo gjeldte fyrst gardopphald i Italia men dei siste ti åra har aktivitetstilboda blitt større.

Sjå òg Landbruksmesse Økoturisme Gardsopphald Geoturisme Bygdevandring Bygdeturisme WWOOF - 'Willing Workers on Organic Farms' Sjølvplukk

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Agriturism» frå , den 11. juli 2020.

Kategori:Landbruk i samfunnet Kategori:Landbruk Kategori:Turisme Kategori:Økoturisme Kategori:Berekraftig utvikling Kategori:Bygdeturisme Kategori:Kulturarv Kategori:Lokalmat