Linda Spa, òg kalla Mag. Gerlinde Spazierer (), er ein austerriksk komponist og saksofonist frå Wien.

Opphavleg studerte ho motedesign i Wien, men vart raskt interessert i musikk. Ho lærte seg å spele fløyte, klarinett, saksofon og komposisjon. I tillegg er Linda Spa dirigent og arrangør.

Spa spelte i mange år i lag med Edgar Froese i det tyske bandet Tangerine Dream som saksofonist, klaverspelar og dirigent. Ho skreiv òg musikk for dette bandet og turnerte stundom med dei i Europa og andre delar av verda fram til 2015.

Linda Spa har blitt nominert til Grammyprisen fem gonger som medlem av Tangerine Dream i 1990-åra.

I 2011 framførte ho songen «Sally's Garden» i lag med Queen-gitaristen Brian May på scenen.

Diskograf med Tangerine Dream Større album 1992: 220 Volt Live (Live) 1994: Turn of the Tides 1995: Tyranny of Beauty 1996: Goblins' Club 2005: Jeanne d'Arc 2007: Madcap's Flaming Duty 2010: Under Cover 2011: The Island of the Fay

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Linda Spa» frå , den 16. juli 2020. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Austerrikske saksofonistar Kategori:Austerrikske klaverspelarar Kategori:Austerrikske komponistar Kategori:Tangerine Dream-medlemmar